Oljefondet bør investere i energiaksjar

thøgersen andreassen
NHH-rektor Øystein Thøgersen i samtale med sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets, som også har vore medlem i utvalet, saman med tidlegare sjef i Folketrygdfondet, Olaug Svarva.
Av Sigrid Folkestad

24. august 2018 11:14

Oljefondet bør investere i energiaksjar

Ekspertutvalet leia av Øystein Thøgersen har konkludert med at Oljefondet framleis bør investerast i energiaksjar. Finansminister Siv Jensen fekk i dag overlevert utgreiinga.

Utvalet har hatt som mandat å vurdere om Statens pensjonsfond utland (SPU) bør investerast i energiaksjar. Bakgrunnen var eit råd frå Noregs Bank om at sårbarheita for eit varig fall i prisane på olje og gass vil bli redusert dersom sektoren blir teken  ut av SPU sin referanseindeks for aksjer.

Dermed går Thøgersen-utvalet imot rådet frå Noregs Bank.

– Å selge energiaksjane i Statens pensjonsfond utland (SPU) er ikkje ei effektiv forsikring mot lågare oljepris i framtida. Energiaksjane i fondet gir berre eit marginalt bidrag til nasjonens oljeprisrisiko, seier utvalsleier Øystein Thøgersen i ei pressemelding. Thøgersen er makroøkonom, professor og rektor ved NHH.

– Bør fortsatt eie oljeaksjer

Ekspertutvalg ber Siv Jensen holde på oljeaksjene

Behovet for å forsikre nasjonalformuen mot eit varig fall i olje- og gassprisane er historisk lågt. Noreg har høg evne til å bære oljeprisrisiko, mellom anna fordi vi har eit finanspolitisk rammeverk som innebærer at vi ikkje brukar dei løpande olje- og gassinntektene. Risikoen i dei attverande petroleumsressurane er låg og avtakande – dei største verdiane er allereie gjort om til finansiell formue i SPU, heiter det i rapporten.

Les heile rapporten her.