Krympflasjon er årets ord 2022

Gisle Andersen
– Når vi ser attende på årets ord dei siste femten åra, ser vi at mange av orda har stått seg over tid og vorte mykje brukte, seier NHH-professor Gisle Andersen.
Av Sigrid Folkestad

14. desember 2022 09:17

Krympflasjon er årets ord 2022

– Det ser ut til at kriser er ein motor for nyord, anten det er økonomiske kriser, klimakrisa eller pandemiar som råkar oss. Vi treng nye ord for nye fenomen, seier NHH-professor Gisle Andersen.

Mange har opplevd 2022 som året da alt vart så dyrt. Årets ord samanfattar på slåande vis den sterke prisauken på ulike varer som vi har sett i det siste.

Ordet krympflasjon blir brukt når innhaldet i eller storleiken på ei vare blir mindre medan prisen står stille eller aukar. Det er ein måte å kamuflere prisstiginga på, slik at ho verkar mindre enn ho faktisk er, skriv Språkrådet på si nettside. 

oversettelse, tekst, stein, av pxhere.

Har oversatt 8 000 økonomiske faguttrykk fra engelsk

NHH står bak et nytt digitalt oppslagsverk med 8 000 oversettelser av økonomiske faguttrykk og begreper fra engelsk til norsk, fritt til bruk.

 

Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved NHH.

 

I år er det femtande gongen årets ord blir kåra; den fyrste kåringa var i 2008. Da som nå var det eit ord som speglar tronge økonomiske tider, som vann: Finanskrise var årets ord i 2008.

 

– Eitt av kriteria for kåringa er at orda skal vera aktuelle, mykje brukte og levedyktige. Når vi ser attende på årets ord dei siste femten åra, ser vi at mange av orda har stått seg over tid og vorte mykje brukte, seier Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH) på nettstaden.

Kristin RYgg

Sender frekke eposter uten å vite det

På epost kan vi faktisk fremstå som uhøflig, uten at vi selv er klar over det.

Sjå lista over årets ord attende til 2008. I tillegg til økonomi er sjukdom (svineinfluensa og koronaen) og klima (det grøne skiftet og klimabrøl) blant temaa som går att.