Daglegvarebransjen må tenke berekraft

Av Ingrid Aarseth Johannessen

14. mars 2019 14:23

Daglegvarebransjen må tenke berekraft

Regjeringa vil sikre økt konkurranse ved å styrke handhevinga av konkurranselova i daglegvarebransjen. – Vi har for få utfordrarar og konkurrentar, sa næringsministeren på Food-konferansen.

12. mars samla nærmare 300 aktørar frå daglegvarebransjen til Food-konferanse i Oslo med tema «Produktivitet og berekraft – same sak?».  

Food er ein årleg konferanse som NHH arrangerer i samarbeid med aktørane i dagligvarebransjen, og skal gi innsikt i korleis matvaremarknaden fungerer.

– Daglegvarebransjen er eit tema som vi arbeidar mykje med. Det at vi her møter akademia og bransjen sjølv, og med eit fagleg opplegg, gjer konferansen til ein veldig bra arena for å diskutere politikk, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, som var ein av foredragshalderane.

Frode Steen, professor og leiar av konferansen og forskingssamarbeidet FOOD, la også vekt på verdien av konferansen som eit møtested. Konferansen har blitt arrangert sidan 2016, men hadde i år auka fokus på innovasjon og berekraft.

– Dersom eg kun skal seie ein ting om daglegvarebransjen som er viktig, så er det at vi fortsatt treng innovasjon, vi treng auka produktivitet, vi treng å tenke smart, og vi treng å tenke berekraft, sa Steen.

Embla Belsvik, Torbjørn Røe Isaksen og Frode Steen, Food 2019. Foto: Siv Dolmen
– Det som skil Noreg frå ein del andre land, er ikkje at vi har store aktørar, men at vi har for få utfordrarar og konkurrentar, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen under Food 2019. Her er han saman med NHH-professor og leiar for FOOD-prosjektet, Frode Steen og rådgjevar og NHH-alumn Embla Belsvik. Foto: Siv Dolmen

Ressursar til Konkurransetilsynet

Næringsministeren sa på konferansen at den norske daglegvarebransjen består av tre store aktørar og har for få nyetableringar. Han etterlyser meir effektiv konkurranse.

– Det som skil Noreg frå ein del andre land, er ikkje at vi har store aktørar, men at vi har for få utfordrarar og konkurrentar, sa Røe Isaksen.

I november i fjor la regjeringa fram ei stortingsmelding om omstilling og berekraftig vekst i handelsnæringen. Styrking av handheving av konkurranselova er eit av tiltaka, som inneberer økt ressursar til Konkurransetilsynet.

– Dagens konkurranselovgiving er god, men vi har vært opptatt av at Konkurransetilsynet skal få moglegheit til å drive meir omfattande overvaking av bransjen utan at det går på kostnad av anna viktig arbeid dei har som konkurransemyndigheit, sa Røe Isaksen.

Er bransjen forbrukArvennleg?

Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukerrådet, snakka på konferansen om bransjen eigentleg er forbrukarvennleg. Ho meiner det er bransjen som er ansvarlig for at forbrukaren tar berekraftige val.

– Vi forbrukerar skal strengt tatt ikkje gjere anna enn å leve som dei forbrukerane vi er i dag. Det er bransjen sjølv som skal legge til rette for at vi kan ta gode, kloke og sunne val, sa ho.

Siv Skard, førsteamanuensis ved NHH, forskar på forbrukaråtferd. Ho meiner, som Blyverket, at bransjen har ansvaret, og at dei ikkje må overvurdere forbrukaren i avgjerdsaugeblikket.

– Forbrukarrapportar over heile verden viser at folk har lyst til å handle meir berekraftig, men om vi ser på faktiske salstal så stemmer ikkje dette heilt overeins. Ofte er det latskap eller at vi har dårlig tid som gjer at vi ikkje tar det «riktige valet» i butikken. Bransjen bør derfor minne oss på dei gode intensjonane vi har om å handle berekraftig, sa Skard.

Food 2019. Foto: Siv Dolmen
Food 2019 vart arrangert på Oslo Plaza 12. mars. Konferansen samla nærmare 300 bransjeaktørar.
Geir Inge Stokke, Food 2019. Foto: Siv Dolmen
Konsernsjef Geir Inge Stokke i Coop til høgre.
Konkurransedirektør Lars Sørgard. Foto: Siv Dolmen
Konkurransedirektør Lars Sørgard snakka på konferansen om konkurranseutfordringar i matvaremarknaden.
Masterstudentane Valeria Englund og Viktoria Eimind, Food 2019. Foto: Siv Dolmen
Masterstudentane Valeria Englund og Viktoria Eimind frå NHH presenterte under konferansen om konsumentane sine preferansar for lavpris.
Professor Frode Steen, Food 2019. Foto: Siv Dolmen
Professor og leiar av konferansen og forskingssamarbeidet FOOD, Frode Steen, meiner konferansen er eit viktig møtested for akademia og daglegvarebransjen.
Inger Lise Blyverket frå Forbrukerombodet, Food 2019. Foto: Siv Dolmen
- Det er bransjen sjølv som skal legge til rette for at vi kan ta gode, kloke og sunne val, sa direktør i Forbrukerrådet, Inger Lise Blyverket.
Mingling på Food 2019. Foto: Siv Dolmen
Food-konferansen har blitt arrangert sidan 2016. Tema i år var «produktivitet og berekraft – same sak?».
Siv Skard, NHH, Food 2019. Foto: Siv Dolmen
- Forbrukarrapportar over heile verden viser at folk har lyst til å handle meir bærekraftig, men om vi ser på faktiske salstal så stemmer ikkje dette heilt overeins, sa førsteamanuensis ved NHH, Siv Skard.