Åpen dag 12. februar 2022

Meld deg på OPENDAG.NO

Finn ut kva du har lyst til å studere og få ein smakebit på kva utdanningane går ut på når høgskulane, universitetet og Utdanning i Bergen inviterer til Åpen dag i Bergen.

Program på NHH

Vi utdannar framtidas økonomar: Kva går studiet ut på – og passar det for deg? 
Stig Tenold (prorektor for utdanning)

Orden på pengane? NHH-professor gjev deg ABC i sunn privatøkonomi.
Professor Trond Døskeland (ekspert på personleg økonomi)

Fleirtalet av Noregs høgast lønte er menn. Kvifor tek det så lang tid å utjamna forskjellane?
Professor Sissel Jensen (forskjellsekspert)

Frå elev til student: Livet som NHH-student og kva eg gjerne skulle visst som vgs-elev  
Silje Farstad Moe og Nathaniel Joshua Karunairasah (framtidas økonomar og NHH-studentar)

Spennande jobbmoglegheiter etter studia 
Olav Slettebø, makroøkonom og seniorrådgjevar i SSB/ Anna D. Mageli, kommunikasjonsekspert og konsulent i Corporate Communications / Andreas Evensen, konsulent i AVO

NHHS – Noregs beste studentmiljø
Treff studentar og finn ut kva studentgrupper du kan engasjere deg i under studia. I tillegg blir det moglegheit for omvising

For påmelding, gå til opendag.no

Du får lunsj (gratis).

Kan du ikkje komme lørdag 12. februar? Vi køyrer same program mandag 14. februar.

Les meir om bachelorstudiet ved NHH

Sjå video frå Åpen dag på NHH 2019:

REISESTIPEND

Søk om reisestipend for å delta på Åpen dag. Her er kriteriene:

  • Du bur utanfor Vestland
  • Du går på videregåande eller har fullført videregåande
  • Du har teke matematikk R1 eller S1 og S2
  • Du har gode karakterar.

Vi prioriterer søkjarar med karakterar som ligg tett opp til poenggrensa for å komme inn på NHH i 2022:

- 54,5 for førstegongsvitnemål 
- 58,3 for ordinær kvote

For stipendsøkjarar frå Sør-Noreg (frå og med Trøndelag og sørover) er reisestipendet på 1 000 kroner.

For stipendsøkjarar frå Nord-Norge (frå og med Nordland og nordover) er reisestipendet på 1 500 kroner.

Fristen for å søke om reisestipend er 31.januar 2022.

Reisestipend til åpen dag

Kjønn
Eg vil delta/jeg vil delta:
Eg/jeg har meldt meg på opendag.no
Ja, eg/jeg har matematikk R1 eller S1 og S2
Samtykke

NHH - FOR DEG SOM VIL NOKO MEIR!