Spent før Forskar Grand Prix

– Eg har lyst å utfordre meg sjølv og prøve noko nytt, seier stipendiat Sandra Halvorsen. Ho er klar for Forskar Grand Prix. Foto: Hallvard Lyssand
NHH

26. september 2016 09:43

(oppdatert: 26. september 2016 09:59)

Spent før Forskar Grand Prix

Sandra Halvorsen forskar på korleis ektefeller samarbeider. Onsdag 28. september skal stipendiaten forsvare NHH si ære under Forskar Grand Prix.

– Dette blir ei heilt ny erfaring for meg. Eg skal innrømme at eg er litt nervøs for korleis det skal gå. Men eg har førebudd meg godt og er klar for utfordringa, seier Sandra Halvorsen.

– Kjempespennande

Onsdag 28. september går stipendiaten på scena på Høgskolen i Bergen. Forskar Grand Prix går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentere forskinga si. Dei fire beste går til ei finalerunde der dei får ytterlegare seks minutt til å snakke om forskinga si. Dei to beste i denne siste runda går vidare til den nasjonale finalen.

Publikum stemmer fram dei beste kandidatane med mentometerknappar, i tillegg er det tre dommarar som frå scena gir poeng og tilbakemelding til deltakarane.

–  Eg har lyst å utfordre meg sjølv og prøve noko nytt. Målet mitt er å bli tryggare på scena. Vi har hatt fleire samlingar der vi har fått trening frå kommunikasjonsrådgjevarar og teaterinstruktør, og dette har vore ei kjempespennande erfaring, seier Halvorsen.

Forskingsprosjekt i Etiopia

Ho er inne i sitt andre år som stipendiat. Under Forskar Grand Prix skal ho snakke om eit forskingsprosjekt i Etiopia. Der har dei undersøkt korleis samarbeidet mellom ektefeller fungerer.

– Vi gjennomførte eit økonomisk eksperiment med 260 deltakarar der dei fekk i oppgåve å fordele ein pengesum mellom seg sjølv og ektefellen. Det vi fann var at kvinner generelt er dårligare til å samarbeide, dei valde å behalde meir av pengane sjølv. Men det betyr ikkje at dei nødvendigvis er meir egoistiske, seier Halvorsen.

I Etiopia er det stort sett menn som er i arbeid, mens kvinnene er heime. Det gjer at dei vil verne meir om dei pengane dei får inn, ifølgje stipendiaten.

– Forhåpentlegvis kan forskinga bidra med innsikt som kan forbetre bruken av pengar i hushaldet. Det kan ha mykje å bety i eit fattig land som Etiopia, seier Halvorsen.

Oppteken av formidling

Ho vil ikkje avsløre for mykje av korleis ho vil legge opp presentasjonen.

– Eg kjem til å ha hovudfokus på korleis vi gjennomførte eksperimentet i første del. I andre del vil eg snakke meir om resultata vi har funne, men det er jo avhengig av at dommarane og publikum sender meg vidare.

I årets dommarpanel sit journalist og forfattar Linda Eide frå NRK, skodespelar Ane Skumsvoll ved Den Nationale Scene og professor Aslaug Mikkelsen ved Universitetet i Stavanger.

– Eg synst det er kjempeviktig at vi forskarar er ute og formidlar slik som dette. Vi får jo store midlar frå staten for å forske og då er det viktig at vi gir noko tilbake også. I tillegg er det jo gøy, seier Halvorsen.

Forskar Grand Prix

Dato: Onsdag 28. september
Tid: 19.00 - 21.30 (Dørene opnar kl.18.00)
Stad: Mimes Brønn på Høgskolen i Bergen, Campus Kronstad.

Les meir om dei andre Forskar Grand Prix-kandidatane her

Nyheiter fråNHH