NHH blir medeigar i BTO

NHH

31. mai 2016 10:18

(oppdatert: 31. mai 2016 10:24)

NHH blir medeigar i BTO

NHH har gått inn som medeigar i Bergen Teknologioverføring (BTO). – Samarbeid med BTO er ein viktig del av NHH si satsing på innovasjon og entreprenørskap, seier viserektor Helge Thorbjørnsen.

Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Havforskingsinstituttet, Høgskolen i Bergen og Siva vedtok å ta med NHH som medeigar på generalforsamlinga 23. mai. Viserektor Helge Thorbjørnsen seier NHH ser fram til å gå inn som eigar.

– NHH har, til felles med andre universitet og høgskular, eit ansvar for å kommersialisere forskingsresultat og for å legge til rette for studententreprenørskap. No har vi fått på plass ein komplett infrastruktur for dette gjennom BTO.  BTO har eit godt og unikt økosystem for entreprenørskap og forretningsutvikling, seier Thorbjørnsen

Han fortel dette om kva samarbeidet med BTO vil innebere.

– NHH ønskjer eit tett samarbeid med BTO særleg rundt inkubasjon, studententreprenørskap og internships. Vi ser også fram til å jobbe vidare med BTO og Nyskapingsparken i dei ulike klyngene i Bergen som NCE Media/MediaCityBergen og NCE Seafood.

Administrerande direktør Anders Haugland i BTO er også tilfreds med å få NHH som medeigar.

– Avtalen inneber spennande mulegheiter for samarbeid som kan vi vekst. Vi trur dette vil resultere i meir innovasjon i regionen, seier Haugland.

Fleire nyheiter