Det vanskelege oppgjeret

14. november 2016 10:42

(oppdatert: 14. november 2016 10:54)

Det vanskelege oppgjeret

Rundt 230 frivillige nordmenn kjempa under den spanske borgarkrigen. Bergensaren Willy Davidsen var ein av dei.

Den norske hjelpekomité for Spania, ofte omtala som Spania-hjelpa, blei skipa for å støtta den lovleg valde regjeringa i den 2. republikken etter at den spanske borgarkrigen braut ut i juli 1936. Spania-hjelpa hadde til oppgåve å samla inn pengar for å hjelpa dei sivile i konflikten.

Arbeidarrørsla kom til å stå sentralt i hjelpearbeidet til den spanske republikken. Dette trass i at Noreg, med det regjerande Arbeidarpartiet, valde å halda på nøytralitetslina. Dei signerte nonintervensjonsavtalen, som mellom anna sette forbod mot våpeneksport til Spania.

Ikkje alle meinte ein kunne sitja med hendene i fanget og sjå på at nazistar, fascistar og deira allierte vann fram i Europa. Dei internasjonale brigadane, som blei danna i oktober 1936, rekrutterte politisk medvitne personar til kampen for den spanske republikken. Rundt 230 av desse frivillige kom frå Noreg.

Måtte bøta med livet

Den yngste av dei nordmenn som kjempa i dei internasjonale brigadane, var bergensaren Willy Davidsen (1919-1982). Han vart seinare regional leiar for Norsk Kommuneforbund og er far til tidlegare leiar av Fagforbundet Jan Davidsen. Som 18-åring måtte Willy Davidsen leggja på alderen med tre år for å bli godkjent då han presenterte seg på vervekontoret i Paris.

Minst ein tredel av dei som kjempa mot Franco på spansk jord, måtte bøta med livet. Sjølv fekk Davidsen bombesplintar i beina. Andre frivillige frå Hordaland var Randulf Dalland, Oscar Gjerstad, Normann Iversen, Oluf Milde og Aage Smedmann.

Andre engasjerte seg på anna vis. Ekteparet Kristian Gleditsch og Nini Haslund Gleditsch blei tidleg med i Spania-hjelpa. Kristian arbeida som sekretær ifrå 1936 til 1937. Nini var ansvarleg organisator i hjelpa til foreldrelause barn. Ho var med på å skipa barneheimar fleire stader i Spania.

Utsett for forfølging og undertrykking

Den norske Spania-hjelpa arbeidde med å samla inn pengar til mat, medisinar og utstyr til to barneheimar ved Oliva i Valencia-provinsen. Saman med svenske hjelpeorganisasjonar bidrog dei òg til opprettinga av Det svensk-norske sjukehuset for krigsskadde i Alcoi i Alicante-provinsen.

Barbariet frå den spanske borgarkrigen heldt fram under Franco-diktaturet (1939-1975). Mange tilhengjarar av republikken reiste i eksil, medan andre blei utsette for forfølging og hard undertrykking. Minst 113.000 opposisjonelle forsvann under diktaturet, utan nokon gong å komma til rette att. Det var ein praksis som spreidde frykt i folket, men som ikkje blei snakka høgt om før rundt 1990.

Nini Haslund Gleditsch og Spania-hjelpa gjorde sitt for å redda born frå redslane ved krigen. Samstundes arbeidde Franco sine trugne støttespelarar for å redda born frå å bli seda opp av menneske med ein marxistisk ideologi. Franco sin overordna ideologi gjekk under namnet nasjonalkatolisisme.

Nyfødde selde til rike barnlause

Den hadde som mål å styra Spania ut frå reint katolske ideal. Sidan ein no kravde dåpsattest for ei rekkje administrative saker, blei born og unge døypte en masse, med eller utan samtykke frå foreldra. Motstykket til denne nasjonalkatolisismen var dei sivile giftemåla ein hadde innført under republikken, for ikkje å snakka om retten til skilsmisse.

I ein slik forpesta ideologisk situasjon blei nyfødde tekne frå dei biologiske foreldra sine og selde til rike barnlause med nær kontakt til Franco-regimet. Dei biologiske foreldre fekk gjerne beskjed om at babyen var dødfødd. Den internasjonalt kjende spanske juristen Baltasar Garzón undersøkte ei stor mengd med klagemål.

Han kom fram til at berre i åra 1939-1950 blei 30.000 babyar tekne frå dei biologiske foreldra og adopterte bort til barnlause med mykje pengar og lite moral. I perioden 1950-1975 var babyrøving som business å rekna for grupper av Franco-tilhengjarar.

Politisk konsensus

Den spanske overgangen til demokrati tok til etter at diktatoren Francisco Franco døydde i 1975. Da blei det inngått politisk konsensus mellom sektorar frå Franco-regimet og somme grupper av dei som kjempa for demokrati. Konsensusen inkluderte dei viktigaste politiske partia i desse første åra etter Francos død.

Ein skulle sjå framover og slå strek over motsetnadane frå den spanske borgarkrigen. Det synte seg likevel at ikkje alle kunne gløyma. Slektningar etter forsvunne og drepne i Franco-tida arbeidde for å finna ut kva som hadde skjedd med deira kjære.

I 2007, under den sosialdemokratiske regjeringa til José Luis Rodríguez Zapatero, kom lova om det historiske minnet. Lova aksepterer at familiar til ofre etter overgrep i borgarkrigen og Franco-diktaturet har juridisk rett til å finna ut kva lagnad slektningane deira fekk.

Lova er blitt kritisert fordi ho feiar under teppet at Franco-regimet sine brotsverk var mot samfunnet og menneskeslekta som heilskap. Etter at det konservative Partido Popular (PP) vann valet i Spania i 2011, blei lova i røynda sett til sides. Det blei ikkje sett av pengar på statsbudsjettet til denne posten.

Hjelp frå utlandet

I 2008 erklærte den spanske advokaten Baltasar Garzón, som i 1998 fekk Augusto Pinochet arrestert i London, at undertrykkinga under Franco-regimet (1939-1975) var brotsverk mot menneskeslekta. I 2012, då PP sat ved makta i Spania, blei Garzón frådømt retten til å verka som advokat. Dette etter at han blei funnen skuldig i tillitsbrot i ei omfattande korrupsjonssak mot leiande PP-politikarar.

Også no har utlandet kome dei spanske offera for undertrykking til hjelp. For nokre år sidan bad den argentinske dommaren María Servini de Cubría Interpol om å arrestera 20 spanjolar. Ho meinte dei var skuldige i brotsverk mot menneskeslekta. Det inkluderte mord, bortføringar, tortur og tjuveri av nyfødde. Ho samla inn dokumentasjon og intervjua overlevande og slektningar. Da kom ho fram til at dette kom inn under universelle rettsprinsipp, på same vis som dei mange sakene ein hadde teke opp etter det argentinske militærdiktaturet (1976-1983).

I somme land har ein òg starta med innsamlingar til utgravingsarbeidet ein har rett til etter lova om det historiske minnet. Her til lands er spesielt LO inne i biletet. Ringen er slutta: Der Willy Davidsen kjempa mot Franco sine troppar, er sonen Jan Davidsen no engasjert i arbeidet for å finna fram til gravene til offera etter borgarkrigen og det undertrykkjande Franco-regimet.

Kronikken var på trykk i Bergens Tidende 14. november.