Kvifor er forsking så langsiktig arbeid?

Forskarar og kontrollørar barkar saman rundt Norges Forskningsråd, etter at statsråd Ola Borten Moe skifta ut styret for å få meir kontroll. Spørsmålet er likevel, er det kostnadskontroll eller samfunnsutviklande innsiktsproduksjon som skal vera i fokus? spør Aksel Mjøs, i Forskersonen. Foto: Helge Skodvin
Forskarar og kontrollørar barkar saman rundt Norges Forskningsråd, etter at statsråd Ola Borten Moe skifta ut styret for å få meir kontroll. Spørsmålet er likevel, er det kostnadskontroll eller samfunnsutviklande innsiktsproduksjon som skal vera i fokus? spør Aksel Mjøs, i Forskersonen. Foto: Helge Skodvin
Kronikk

9. august 2022 13:06

Kvifor er forsking så langsiktig arbeid?

Kvifor ein studie av norske bankkundar har vore på internasjonal reise i sju år.

Kva er kvalitetsforsking og kor krevjande er det? Forskarar og kontrollørar barkar saman rundt Norges Forskningsråd, etter at statsråd Ola Borten Moe skifta ut styret for å få meir kontroll. Spørsmålet er likevel, er det kostnadskontroll eller samfunnsutviklande innsiktsproduksjon som skal vera i fokus?

Eg vil gi eit eksempel på kor langsiktig og krevjande kvalitetsforsking er, noko som gjer det feil å fokusera på kortsiktig kontroll. Eksempelet gjeld finans, men tilsvarande utfordringar gjeld på alle forskingsfelt.

Ei lang reise

Eg har i vår, saman med to dyktige medforfattarar, Christoph Herpfer og Cornelius Schmidt, fått akseptert ein artikkel i ein svært god journal etter ei reise på meir enn sju år.

Vi studerer kva geografisk avstand mellom bankar og lånekundar betyr, og artikkelen er slik sett eit bidrag til forståinga av om det er viktig med lokale bankar og bankkonkurranse. Vi finn at fysiske avstandar er viktige, men kor viktig, det avheng av konkurranse og teknologibruk.

Slike spørsmål egnar seg godt å studera i Noreg. Vi har svært gode data, vi har store variasjonar i avstandar og vi investerer i nye vegar, bruer og tunnelar kvart einaste år. Sidan Christoph og Cornelius, begge med doktorgrad frå Lausanne i Sveits, kjenner litteraturen og er svært gode analytikarar, og eg kjenner norske tilhøve, så var vi eit godt team. Slikt tek likevel lang tid, også sidan vi arbeider ut frå Bergen, Atlanta og Brüssel.

Første versjon av artikkelen presenterte vi internt på finansinstituttet på NHH i 2015, og så på årsmøtet til German Finance Association. Neste konferanse var European Finance Association på BI i Oslo i 2016. Her vart berre 13 prosent av innsendte bidrag akseptert, så det var eit lovande signal. Seinare presenterte vi artikkelen på universiteta i Zürich, Bern, Bonn, Atlanta og igjen på NHH, alltid med nyttige, kritiske tilbakemeldingar. Den siste presentasjonen var i Tokyo i 2018.

Parallelt starta vi å senda artikkelen inn til dei beste journalane. Innan finansfeltet er det ei klar rangering av toppjournalane. Rangeringa er basert på i kva grad artiklane der vert siterte, og difor anerkjente, i andre forskingsartiklar. Vi starta med den beste journalen og gjekk nedover lista. Sjølv ved avslag, så får ein gode og nyttige fagfellerapportar som vi innarbeider før vi sender inn igjen til neste journal. Vi starta med Journal of Finance i 2018, ein journal som startar med å avvisa over 90 prosent av innsendte artiklar. Etter avslag her, var vi gjennom fleire rundar i to andre journalar før vi fekk aksept på tredje forsøk i Management Science i 2021.

Vi har kjempa fram publikasjonen

Den viktigaste lærdomen er korleis den endelege artikkelen er eit resultat av sterke internasjonale fagfelleprosessar. Opponentar og deltakarar på seminar og konferansar har lagt innsats i å utfordra arbeidet vårt, ofte tøft, men alltid nyttig.

Redaktørar og anonyme fagfeller i fire ulike journalar har gjeve oss solide rapportar som var nyttige, uansett kva dei konkluderte om publisering. Vi har verkeleg måtta kjempa fram publikasjonen.

Dessutan har eg lært at kvalitetsforsking er krevjande og det er uråd å leggja opp til ein detaljkontrollert prosess med knappe fristar. Forsking treng tid og arbeidstilhøve for både kreativitet, grundige analysar og rett presentasjon. Og ingenting av dette kan låsast inn til korte rekneskapsperiodar.

[1] Christoph Herpfer, Aksel Mjøs, Cornelius Schmidt (2022) The Causal Impact of Distance on Bank Lending. Management Science, Articles in Advance, https://doi.org/10.1287/mnsc.2022.4346

Kronikken var først publisert i Forskersonen 31. juli 2022.