Vellukka oppstartsselskap har engelsk namn

Aksel Mjøs
Som forskarar kan vi berre konkludera ut frå det vi finn i analysane, men funna heng godt saman med den allmenne internasjonaliseringa som utfordrar både korleis vi kommuniserer og i kva grad vi vel å ta vare på språket vårt, skriver NHH-forskar Aksel Mjøs i DN. Foto: Helge Skodvin
Innlegg

18. mai 2021 12:34

Vellukka oppstartsselskap har engelsk namn

Nystarta, nyskapande norske selskap som har engelsk namn, er signifikant meir vellukka enn dei med norsk namn. Det finn vi i den nye forskinga vår, skriver Aksel Mjøs i DN.

Om studien

Saman med Katja Kisseleva ved European School of Management and Technology i Berlin og David T. Robinson ved Fuqua School of Business ved Duke University i USA har Aksel Mjøs forska på avkastninga av å investera i nystarta og nyskapande norske aksjeselskap.

The Returns to Early-Stage Investment in Innovation, i ESMT Berlin Working Paper, 24. august 2020, til revisjon i Journal of Finance

Engelsk namn har samanheng med tilgang til investorkapital og støtte frå Innovasjon Norge. Vi finn og at selskapa vert og meir verdifulle, og at dei har høgare salsvekst dei fire første åra enn selskap med namn på norsk.

Saman med Katja Kisseleva ved European School of Management and Technology i Berlin og David T. Robinson ved Fuqua School of Business ved Duke University i USA har eg forska på avkastninga av å investera i nystarta og nyskapande norske aksjeselskap.

Vi nyttar data frå Skatteetaten, der vi får tilgang til konfidensielle forskingsdata på prisar på alle handlar i alle norske aksjar frå 2004 til i dag.

klesindustri. Foto: wikimedia (Rico Shen)

Full forvirring i bærekraftig business

Skal bare lønnsomme ESG-tiltak vektlegges, eller også de som forbedrer samfunn og miljø, spør NHH-forskerne Sveinung Jørgensen, Lars Jacob Tynes Pedersen og Aksel Mjøs i Finansavisen.

Vi har funne fire indikatorar som kvar for seg, og når vi kombinerer dei, har samanheng med at selskap vert vellukka:

  • Lokalisering i byar med større universitet
  • Næringar som typisk er nyskapande
  • Minst eitt styremedlem er tilreisande, det vil seie at ho truleg er vald på grunn av innsikt og ikkje nærleik
  • Selskapsnamnet er på engelsk.

 

Hvordan sikrer vi nytt liv for gode konkursbedrifter?

Vi trenger revidert lovgivning på konkursområdet, slik at både samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske kostnader ved konkurs minimeres, skriver Aksel Mjøs og Karin S. Thorburn.

Vi finn omlag 60.000 selskap som er kjenneteikna av minst to av desse indikatorane, mens berre omlag 2700 har alle kjenneteikna.

Av dei fire indikatorane vi nyttar er det engelsk selskapsnamn som har sterkast samanheng med både å få støtte frå Innovasjon Norge og med salsvekst, men språket påverkar også signifikant alle dei andre suksesskriteria vi ser på.

Vi har diverre ikkje informasjon om stiftarane, ressursane, produkt, marknad, prosessar, patentar eller anna, så det er vanskeleg å vita meir om kvifor nettopp desse indikatorane har så klar samanheng med at selskapa vert vellukka.

At vellukka oppstartsselskap er i nyskapande næringar og i miljø nær sterke forskingsinstitusjonar, er lett å skjøna. At stiftarane vel å henta inn kompetente styremedlemmer er også eit truverdig signal på at dei er ambisiøse.

Vil hjelpe vekstbedriftene

Det må bli en bedre kobling mellom vekstbedrifter og kapitaleiere, konkluderer Kapitaltilgangsutvalget. Førsteamanuensis Aksel Mjøs har ledet utvalget.

Kvifor språkvalet er så viktig, derimot, er vanskelegare å forstå.

Kva kjem så først, språkvalet eller forretningspotensialet?

Det er uråd å vita, men det er neppe språkvalet i seg sjølv som er årsaka til seinare suksess. Samstundes samsvarar det vi finn med at når ein startar ei ny verksemd og har ambisjonar om stor og gjerne internasjonal vekst, så vel ein eit namn som skal fungera òg utanfor Noreg.

Motstykket er at norskspråkleg namn truleg vil kunna stå i vegen for å byggja internasjonal kjennskap. Vi veit likevel ikkje om verksemdene vi ser på utviklar seg heime eller ute, så dette er reint gjetting.

Det kan godt henda at engelsk namn er nyttig også for vellukka utvikling i Noreg åleine, både overfor kundar, investorar og bankar.

Treng krisetiltak som sikrar eit næringsliv for framtida

Krisetiltaka så langt feilar i møte med innovative, høgrisiko, tidlegfase verksemder. Kraftfulle og kreative tiltak trengs for desse verksemdene, skriv finansforsker Aksel Mjøs i Dagens Næringsliv.

Eit nyleg døme var jo «Flor» frå Voss, som sel arbeidskle til kvinner, som såg seg nøydd til å skifta språk frå nynorsk til bokmål i kommunikasjonen sin for å verta fanga opp av Google sin søkjemotor.

Som forskarar kan vi berre konkludera ut frå det vi finn i analysane, men funna heng godt saman med den allmenne internasjonaliseringa som utfordrar både korleis vi kommuniserer og i kva grad vi vel å ta vare på språket vårt.

Kronikken var først publisert i Dagens Næringsliv 13. mai 2021.