Akkurat som dopapir-dugnaden er demokratiet eit spørsmål om deling

30. september 2019 14:10

(oppdatert: 31. desember 2019 14:10)

Akkurat som dopapir-dugnaden er demokratiet eit spørsmål om deling

Med utsikter til omstilling treng ein ordningar som sikrar dei svake utan å svekke grunnlaget for eit best mogleg liv til alle.

Av: Klaus Mohn, professor II ved NHH

Det var foreldremøte på ungdomsskulen. Vaksne av alle slag var samla. Det einaste dei delte var skulekrinsen dei budde i, og at dei hadde eit avkom på same alder. Elles var det meste ulikt. På programmet stod planen for den siste turen for 10.-klassingane. At ungdommane sjølv burde ta eit tak for å skaffe pengar til turen var alle einige om. Diskusjonen gjekk høgt før løysinga blei landa. Det blei dopapir-dugnad.

Alle for ein?

Eit tema som deretter skapte stort engasjement blant dei føresette var om inntektene frå salet skulle gå inn i ein felles pott som deretter kunne delast likt mellom alle i klassen, eller om kvar elev skulle få selje dopapir for eiga vinning.

Om alle pengane skulle gå i ein felles pott, så ville ungdommane kvar for seg ha mindre motivasjon til å stå på for å selje mest mogleg i dugnaden. Frå slike dugnadar blir det sjeldan pengar til overs. Snarare kan det vere fare for at inntektene frå dugnaden faktisk ikkje strekk til. Difor var det ein far som peikte på at kvar elev i så fall måtte selje minst så og så mange dorullar, for å sikre at eigendelen for turen faktisk kunne bli betalt.

Om kvar elev kunne få inntektene for salet på ein eigen personleg konto, så ville motivasjonen auke for å selje mykje. Ei mor foreslo at salsinntekter som blei høgare enn eigendelen for turen kunne bli innkassert av den enkelte elev, for eksempel til lommepengar på turen. Elevar som derimot ikkje selde nok dopapir til å betale eigendelen, måtte skøyte på frå familiebudsjettet, meinte ho. Det blei stilt i klasserommet.

Mange vil forstå at dei totale inntektene frå dugnaden truleg vil bli større med individuelt sal enn når inntektene går til fellesskapet. Samstundes vil ein gjerne vise omsyn til foreldre og familiar som av ein eller annan grunn ikkje er så godt rusta til å stå på med sal av dopapir. Om inntektene går til klassekassa, så er alle elevane sikra deltaking, men kostnaden er at dei samla inntektene frå dugnaden etter alt å døme blir mindre. Nokon ser seg betre tent med den første løysinga, andre med den siste.

Effektivitet og fordeling

Temaet for dette foreldremøtet minte meg om den mest sentrale avveginga innanfor økonomifaget, mellom omsynet til effektivitet og fordeling. Effektivitet handlar om å la marknadskreftene verke fritt, slik at føretak og hushald kan følgje eigne interesser og tilpasse åtferd og innsats deretter. Utan inngrep frå det offentlege vil slike mekanismar sørgje for at verdiskapinga for samfunnet blir maksimal.

Problemet er at folk flest ikkje berre er opptekne av å maksimere inntekter. I tillegg er dei fleste av oss opptekne av at fordelinga mellom innbyggarane av desse inntektene er til å leve med. Difor treng ein inngrep frå det offentlege, slik at inntekter kan overførast frå dei som har meir enn dei treng til dei som har mindre enn dei treng.

Helst bør fordelinga skje på eit vis som reduserer inntektstapet for samfunnet til eit minimum. Kostnaden for samfunnet blir minst om alle omsyn til inntektsfordeling kan samlast om ein enkelt reiskap, som til dømes inntektsskatt. I praksis er likevel ei rekke av reiskap involverte i fordelinga av inntekter. I tillegg til skattesystemet har ein eit system for overføringar, prising av offentlege tenester, som til dømes barnehageplassar. Men fri tilgang til utdanning og helsetenester er ordningar som og er motiverte av omsynet til inntektsfordeling.

Avgifter er likevel normalt ikkje omfatta av omsynet til inntektsfordeling. Momsen er for eksempel den same for oss alle, uavhengig av inntekt og formue. Det same gjeld prisen på høgare utdanning, som er sett lik null for fattig og rik. Med eit effektivt system for skattlegging og overføring treng ikkje staten å gjere forskjell på folk når det gjeld avgifter, og heller ikkje i prisinga av offentlege tenester.

Omstilling kan skape uro

Endring og omvelting systemet for skattar og avgifter vil likevel ofte skape uro. Alle typar justeringar vil ramme enkelte hardare enn andre. Samstundes vil det vere uvisse knytt til dei store samfunnsmessige verknadane av nye skattar, avgifter, overføringar og støtteordningar. Til slutt vil den enkelte si haldning til endringar i skattesystemet henge nøye saman med verdiar og politiske preferansar hos den enkelte. 

Dermed forstår ein kanskje betre korfor kontantstøtta framleis er kontroversiell, meir enn 20 år etter ho blei innført. Difor skjønar ein kanskje at formuesskatten framleis er omstridd, sjølv han stort sett rammar dei rikaste av oss. Og difor fattar ein kanskje betre at bompengar er eit brennheitt tema, sjølv om mange vil ha sympati for dei overordna måla.

Tillit og tilslutnad til skattesystemet i Noreg er høgare enn i mange andre land. I Noreg er forståinga stor for at inntekter til ein viss grad bør jamnast ut. I tillegg er byråkratiet i her heime prega av rimeleg god effektivitet og lite korrupsjon. Dermed legg dei fleste til grunn at skattepengane finn vegen til tiltenkte formål, utan stor lekkasje på vegen. Den siste, men kanskje viktigaste grunnen til at skattesystemet i Noreg nyt høg tillit, er dei opne og gjennomsiktige demokratiske prosessane som ligg bak etableringa og utviklinga av ordningane.

Med utsikter til omstilling treng ein ordningar som sikrar dei svake utan å svekke grunnlaget for eit best mogleg liv til alle. I motsett fall risikerer ein uro og omvelting og undergraving av viktige sider ved velferdsstaten. I tider der stadig fleire risikerer å falle utanfor, økonomisk eller politisk, blir rettferdig representasjon av interesser difor ei side ved det politiske systemet som det er spesielt viktig å ta vare på.

Kronikken var først publisert i Stavanger Aftenblad 27. september 2019.