Masterklasse i praktisk makro

Sentralbansksjef Øystein Olsen. Foto: Hallvard Lyssand
Sentralbanksjef Øystein Olsen gav masterstudentar på NHH ei innføring i teoretisk og praktisk pengepolitikk.
NHH Av Hallvard Lyssand

25. oktober 2019 15:49

Masterklasse i praktisk makro

Er den norske krona i ny likevekt? Kva er den største ubalansen i norsk økonomi i dag? Korleis er eigentleg prosessen fram mot sentralbankstyrets rentesetting? NHH-studentane spurde sentralbanksjef Øystein Olsen.

– Dette er kjernen av makro-faget, og det vert endå meir spanande når du går frå teori til praksis og må ta omsyn til tilhøve som ligg utanfor analyseapparatet. Men ha i bakhovudet at dette er alvor. Når vi set renta er det alvor.

Det var sentralbanksjef og gjesteførelesar Øystein Olsens første faglege helsing til studentane på NHHs masterkurs Macroeconomic Theory and Policy og Konjunkturanalyse fredag ettermiddag.

Øystein Olsen og Øystein Thøgersen. Foto: Hallvard Lyssand
Makro Management: Rektor Øystein Thøgersen har fartstid frå hovudstyret i Noregs Bank, og stakk innom for å helsa på namnebror og økonomkollega Øystein Olsen.

UiO-utdanna Olsen hadde lang fartstid frå m.a. SSB og Finansdepartementet før han vart sjef i Noregs Bank i 2011. Han er no inne i sin andre sjefsperiode, som går fram til 2022.

Han skulle såleis vera svært meir enn kvalifisert til å svara på spørsmålet i tittelen til gjesteførelesinga: «Hvordan virker pengepolitikken?».

Teori og praksis

Svara hans inneheld eit breitt spekter av teoretiske omgrep som ligg i botn av sentralbankens arbeid, alt frå fleksibel inflasjonsstyring, via foliorente, renteparitet, valuta- og etterspurnadskanalar, til den ny-keynsianske kjernemodellen NEMO, og ei rekkje sidemodellane.

Men han gav også praktiske døme på at teoriar, modellar og analysar ikkje alltid gjev fasiten. M.a. peikte Olsen på at kronekursutviklinga har vore svakare enn Noregs Bank hadde venta basert på deira analysar.

– Her er det mykje uforklart og vi prøver å læra heile tida. Å laga prediksjonar er ikkje lett, understreka han, før han gjekk vidare til å snakka om bustad- og lånemarknaden, og rentenivåets påverknad på hushalda si gjeld.

Null handlingsrom

Sentralbanksjefen ville neppe vore sentralbanksjef om han ikkje hadde ei åtvaring på lager til studentane.

– Vi er heldig stilt i Noreg. Vi har eit betydeleg finanspolitisk handlingsrom som vi har brukt, m.a. ved finanskrisa i 2008. Andre land i Europa har det langt meir krevjande, understreka han.

– Rett nok vart eurokrisa takla på ein god måte. Men det er tankevekkjande at renta er så låg ti år etter finanskrisen, trass i at fleire land opplever god vekst. Pengepolitikken burde vera motsyklisk, men det har ikkje skjedd. Viss internasjonal økonomi får eit tilbakslag er handlingsrommet lik null, åtvara Olsen.

Øystein Olsen, gjesteførelesing ved NHH 25. oktober 2019. Foto: Hallvard Lyssand
Sentralbanksjefen svara på spørsmål frå studentane i nær 30 minutt etter gjesteførelesinga.

Floge på veggen i rentemøtet

Etter førelesinga svara Olsen på spørsmål frå studentane i nær ein halv time.

Spørsmåla spente frå om den norske krona no er i ny likevekt, via kvifor ikkje utanlandske investorar forstår at Noreg er ein trygg stad å investera, til kva Olsen ser som den største finansielle ubalansen i norsk økonomi, og om sentralbanken opplever press frå politisk hald, slik tilfellet er i andre land med uavhengig sentralbank, (svaret på det siste var eit ubetinga «nei»).

Han gav også ei grundig forklaring på prosessen fram til hovudstyret i Noregs Bank bestemmer rentenivået, og avslutta gjennomgangen med ei forsikring: 

– Vi har svært gode prosessar og store ressursar. Å setja renta det greier vi.

Kursansvarleg, professor Gernot Doppelhofer var svært nøgd etter sentralbanksjefens besøk.

– Dette var midt i blinken. Han var innom alt, og tok opp ei rekke interessante utfordringar. For studentane er det jo som å kunna stilla spørsmål rett til orakelet. Det er jo nesten som å vera floge på veggen i rentemøtet.