Kommunar bør gå saman om å handtere helseutgifter

Tilflytting, ulukker og andre hendingar gjer at ein kommune på kort varsel kan stå overfor uventa utlegg på mange millionar i året, skriver Aksel Mjøs i Aftenposten. Foto: Helge Skodvin og Pexels v. Pixabay
Innlegg

4. oktober 2019 15:53

Kommunar bør gå saman om å handtere helseutgifter

Med forpliktande samarbeid om å dela på utgifts- risikoen på helsefeltet kan ut- betalingane verta langt meir føreseielege, skriver Aksel Mjøs i Aftenposten.

Det er eit grunnleggjande prinsipp i den norske velferdsstaten at dei som verkeleg treng hjelp, skal få det. Ein del av dette sikkerheitsnettet er hjelpa kommunane gir til dei som har særleg omfattande helsebehov og gjerne treng vakne, kvalifiserte hjelparar døgnet rundt. Samstundes som det er brei semje om slike rettar, gjev det store og uføresette kostnader for den einskilde kommunen. Til dømes har ein i ein mellomstor kommune i Bergensområdet rekna ut at kostnadene vil gå opp med 17,5 millionar kroner til neste år.

Alternativ løysing

Hendingar som tilflytting og ulukker gjer at ein kommune på kort varsel kan stå overfor uventa utlegg på mange millionar i året. I kommunar med stram økonomi er dette særleg krevjande. Sidan dei som treng slike tenester, udiskutabelt har rett på dei, og tenestene er lovpålagde, må finansieringa hentast frå andre felt.

Interkommunalt samarbeid kan vera ei alternativ løysing. Det fungerer godt på mange felt, som legevakt, datatenester og revisjon. Kommunane samarbeider, driv meir effektivt og får tilgang til meir kompetente ressursar. Dersom fleire kommunar inngår forpliktande samarbeid om å dela på utgiftsrisikoen på helsefeltet, kan utbetalingane verta langt meir føreseielege. Då vil kommunane som har store utgifter i eitt einskilt år, få bidrag frå dei andre til å dekkja dette, men sjølv bidra til dei andre kommunane i år der eigne utgifter er låge. Dette vert som ei forsikringsordning, men krev at kommunane inngår eit forpliktande og langsiktig samarbeid.

Stor utjamningseffekt

Eg har gjort ein enkel analyse av korleis ei utjamningsordning kunne gjera helseutgiftene meir føreseielege for den einskilde kommunen. Eitt døme kan vera at ti kommunar samarbeider. Om det i kvar av desse, kvart år, er 50 prosent sannsyn for at ein får ei slik uventa utgift, og årleg utgift i gjennomsnittet er på ti millionar kroner (eg føreset at desse utbetalingane, når dei kjem, varierer med eit standardavvik på 50 prosent. Kommunane har dessutan ein tenkt eigendel på ein million kroner per år), vil den einskilde kommunen i om lag fire av ti år få reduserte utgifter.

Samstundes vil ein få utbetalingar også i åra der ein ikkje har slike utgifter. Det såkalla standardavviket som måler kor mykje faktiske utgifter varierer mellom år, vert redusert til om lag ein tredjedel i utjamningssamarbeidet.

Ut frå eit risikoperspektiv er det viktigast at maksimalutbetalinga vert redusert. Om kommunen står åleine, er maksimalutgifta meir enn tre gonger større enn om ein jamnar ut i fellesskap. Dette er sterkt forenkla, sidan kommunane er ulike. Det finst nokre overføringar frå staten i einskildtilfelle som ein også kan ta omsyn til, men utjamningseffekten er uansett stor.

Eit verkemiddel å utforska

Konsekvensen av eit slikt samarbeid er ikkje at ein over tid unngår utgiftene, men at ein veit kva ein skal planleggja og budsjettera med. I ei tid der kommunane opplever utvida oppgåver og høgare forventingar, vert det trong økonomi i mange kommunar. Då er dette eit tiltak å utforska. Den største kommunen eller eit uavhengig organ, som eit revisjons- eller forsikringsselskap, kan handtera administrasjonen, og dette bør ikkje vera særleg kostbart.

Ein føresetnad for utjamninga er at utgiftene er så tilfeldige at ikkje einskildkommunar kan tilpassa seg og utnytta ordninga urimeleg. Det er og viktig at det ikkje er vesentlege skilnader mellom kommunane på kva utfordringar dei har på helsefeltet, slik at alle opplever utjamninga som rettferdig.

Eg ser at det krev både analysar, tilrettelegging og forhandlingar for å få på plass ei konkret utjamning som det er mogleg å praktisere, men trur det er vel verdt det om ein kan sikra brei deltaking.

Kronikken ble publisert i Aftenposten 4. oktober 2019.