Katalansk økonomi er ikkje spansk økonomi

I Madrid slo det ned som ei bombe då tilhengarar av katalansk sjølvstende i mai i år vann ein knusande siger ved vala til Handelskammeret i Barcelona. Handelskammeret representerer dei ulike sektorane av økonomien i Barcelona-området, skriv kronikkforfattaren i Dag og Tid. Foto: Marit Hommedal og Unsplash v. Erwan Hesry
Kronikk

11. oktober 2019 14:18

Katalansk økonomi er ikkje spansk økonomi

Katalanske næringslivsleiararer meir for sjølvstende enn fleirtalet av katalanarane, skriv førsteamanuensis emeritus Johannes A. Nymark.

For dei som har følgt med på utviklinga i Catalonia dei seinaste åra, var dette inga overrasking. Mange næringslivsleiarar har lenge vore mellom dei mest ihuga forsvararane av sjølvstende for regionen, og andre har gått gjennom ei liknande utvikling, som Joan Canadell, industriingeniør og næringslivsentreprenør: «Før var eg ikkje for katalansk sjølvstende, inntil eg oppdaga at den spanske staten ikkje vernar om interessene til katalanske bedrifter, snarare tvert imot».


Det finst sjølvsagt ulike haldningar også i det katalanske næringslivet, men opinionsundersøkingar som er realiserte frå 2014 og fram til i dag, syner at berre rundt 15 prosent er imot katalansk sjølvstende. Og desse 15 prosentane representerer næringsgreiner som får støtte frå den spanske staten eller, som bankane, er avhengige av statlege reguleringar. Alle undersøkingane syner at katalanske næringslivsleiarar er meir for sjølvstende enn fleirtalet av katalanarane. Og absolutt alle meiningsmålingane har komme ut med over 50 prosent for sjølvstende, dei fleste godt over. Ikkje berre vil desse leiarane ha sjølvstende, dei nyttar òg eigne ressursar i denne sakas teneste.

KATALANSK ØKONOMI

I oktober-november 2017 var det stor internasjonal merksemd om dei spanske styresmaktene sitt strev for å få katalanske selskap til å flytta hovudkontor ut av Catalonia. Formålet var sjølvsagt at ein skulle ta frå katalanarane skatteinntekter og knekka ambisjonen deira om å bli uavhengige. Problemet var berre at dei få bedriftene ein klarte å lokka og truga til å flytta ut, betalte svært lite i skatt. I tillegg er det blitt oppdaga at styresmaktene i Madrid nytta gulrota meir enn pisken, og gav dei fordelar mellom anna i skattlegging.

Nyleg har den største sveitsiske avisa Neue Zürcher Zeitung «avslørt» noko ein har visst ei god stund i næringslivskrinsar i Catalonia. Trass i at den politiske krisa er eit godt stykke unna løysing, er det stadig fleire internasjonale verksemder som etablerer seg i området. I dag finst det 8600 utanlandske selskap i Catalonia, 22 prosent fleire enn i 2017, då uroa rundt folkerøysting og sjølvstendeerklæring nådde eit førebels klimaks. Merkevarer som Nestlé, Siemens og Roche har etablert nye teknologisenter i Barcelona-provinsen, eit område der bilindustrien og kjemi- og farmasiverksemdene har sterke tradisjonar. Avisa poengterer at dei som flytta hovudkvartera ut av den katalanske regionen, var små og mellomstore lokale verksemder, medan dei store multinasjonale selskapa ikkje følgde oppmodinga.
I Spania var Catalonia-regionen desidert først ute - alt i starten av 1800-talet - med industrialisering, lenge før sentralstyresmaktene i Madrid såg nytten av slik verksemd. Initiativrike økonomiske entreprenørar har vore vanlege i Catalonia, og er det framleis. Neue Zürcher Zeitung nemner alle start up-bedriftene i området, og framhevar spesielt kor viktig 22@de Barcelona - eit nytt område for byutvikling - er for desse nyetablerte verksemdene. Mobile World Congress, som kvart år blir arrangert i Barcelona, har gjort sitt til at informasjons- og kommunikasjonssektorane er sterkt veksande i Catalonia, med rundt rekna 16.000 små, mellomstore og store selskap, der ein til saman sysselset meir enn 100.000 personar og kan visa til ein årleg omsetning på over 16 milliardar euro.

DER PRODUKSJONEN ER

«Kor hovudkontoret ligg, er ikkje så viktig. Det som tel, er produksjonen.» Alfons Durán-Pich, næringslivsleiar, sosiolog og økonomisk analytikar, er kategorisk når han viser til dømet Seat.
«Korfor har Volkswagen bestemt seg for å ikkje flytta Seat? Fordi klynga av bilsektoren ligg i Martorell (i Barcelona-provinsen) og ikkje finst nokon annan stad i Spania. Difor kunne dei ikkje tillata seg å flytta.» Underforstått: Det viktige er kor den økonomiske verksemda (produksjonen) er, ikkje hovudkontoret.

Dei seinaste åra har også katalansk økonomi eksportert stadig meir til utlandet og er blitt mindre avhengig av den spanske marknaden. Dette gjeld spesielt i tenesteytande næring. Spansk økonomi generelt har gjort lite for å endra satsinga på bygg og anlegg, finans og spekulasjonsøkonomi. Det einaste omfattande som er gjort, er arbeidsreforma. Tala for arbeidsløyse har gått ned, men prisen for arbeidarane er låge løner, korte kontraktar og ein prekær arbeidssituasjon.

Og kva gjorde så industrileiarar i Spania under oppgangskonjunkturane i den konservative regjeringsperioden til José María Aznar (1996-2004)? Dei selde eller la ned industriverksemder og tok til å satsa på veksten i bygg og anlegg. Mange gjekk konkurs då krisa sette inn i 2008.

Når katalanarane seier at «Catalonia er ikkje Spania», gjeld det i høg grad innanfor økonomien.

Kronikken var på trykk i Dag og Tid 11. oktober 2019.