- Kundar må vite om produksjonsforhold

Etikkinformasjonsutvalet.
Etikkinformasjonsutvalet vurderer om bedrifter skal vere pliktige til å informere kundar om produksjonsforhold. T.v. Stormberg-gründer Steinar J. Olsen, spesialrådgjevar i NHO, Jon Vea, spesialrådgjevar i forhandlings- og HMS-avdelinga i LO, Gro Granden, leiar av utvalet og leiar for Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo, Ola Mestad, leiar av utvalssekretariatet i Barne- og familiedepartementet, Kristel Tonstad, postdoktor ved Institutt for Privatrett, Universitet i Oslo, Mark B. Taylor og nestleiar i Forbrukertilsynet, Bente Øverli. Foto: Hallvard Lyssand/NHH.
NHH Av Ingrid Aarseth Johannessen

16. mai 2019 13:33

- Kundar må vite om produksjonsforhold

Ønskjer du å vite kvar produkt du kjøper produserast, eller om arbeidsforholda har vore gode? Etikkinformasjonsutvalet vurderer no informasjonsplikt om produksjonsforhold.

14. og 15. mai var partane i etikkinformasjonsutvalet samla ved NHH. Utvalet sitt arbeid tar utgangspunkt i at mange har bekymringar om korleis produkt og tenester framstillast i internasjonale verdikjeder.

– Vi vurderer om bedrifter skal påleggast ein informasjonsplikt for produksjonsforhold i verdikjeda, seier Lars Jacob T. Pedersen frå NHH, som er medlem av utvalet.

Han fortel at utvalet har ei todelt oppgåve - dei skal både vurdere om ein lov som pålegg er hensiktsmessig, og korleis den bør sjå ut. 

inspirErast av Storbritannia

Utvalet sitt mandat er inspirert av liknande lovgjevingar i andre land, som Storbritannia (Modern Slavery Act) og Frankrike (Devoir de Vigilance).

Utvalet har òg vore på reise og studert eksisterande lovgjeving som handterer liknande problem.

Målet er at norske forbrukarar skal vere i stand til å vite korleis produkt dei kjøper er framstilt. 

–Det handlar om at du som kunde i ein butikk enkelt skal kunne få tilgang til informasjon om kvar et produktet er produsert, og om arbeiderane har hatt ordentlige arbeidsforhold, seier Pedersen.

Etikkinformasjonsutvalet
– Nøkkelen er å finne ein måte å regulere på som faktisk er egna til å forbetre forholda i internasjonale verdikjeder, seier medlem av utvalet og førsteamanuensis ved NHH, Lars Jacob T. Pedersen. T.v. Pedersen, Benedicte Elisabeth Bjerknes og Stine Thomassen frå utvalssekretariatet i Barne- og familiedepartementet og daglig leiar i Initiativ for Etisk Handel, Heidi Furustøl. Foto: Hallvard Lyssand/NHH.

Ønskjer å forbetre internasjonale verdikjeder

Under utvalsmøtet i Bergen deltok sentrale bedrifter frå blant anna shipping, vareproduksjon og leverandørindustri, samt relevante forskarar frå NHH og CMI. Dei møter norske bedrifter for å vurdere behovet for og utforminga av ei regulering.

– Nøkkelen for oss er å finne ein måte å regulere på som faktisk er egna til å forbetre forholda i internasjonale verdikjeder, seier Pedersen.

Utvalet starta arbeidet sitt i august 2018, og skal levere rapport til Barne- og familiedepartementet seinast 1. desember 2019.

Bakgrunnen for oppnemninga av utvalet er to anmodningsvedtak i Stortinget, der regjeringa blir bedt om å greie ut ein lov om etikkinformasjon.

Les også:

Informasjonsplikt for næringslivet?

Skal næringslivets pålegges informasjonsplikt, for å sikre rettigheter og arbeidsvilkår for ansatte i leverandørkjedene? NHH-forsker Lars Jacob T. Pedersen er blitt medlem i utvalget som skal vurdere dette.