NHH-studentar i toppen på studentengasjement

NHH-student
– Då eg kom til NHH blei eg godt teken imot og eg ønskjer å legge til rette for at andre skal få same oppleving som meg, seier student Christian Ziesler. Foto: Sigrid Grøm Bakken.
NHH

5. september 2018 11:32

NHH-studentar i toppen på studentengasjement

Meir enn halvparten av alle NHH-studentar brukar tid på frivillig studentengasjement, viser ei ny undersøking. – Studentaktivitetar gjer studietida betre og meir innhaldsrik, seier student Christian Ziesler.

– No brukar eg opp mot 20 timar i veka på frivillige studentaktivtetar, tidlegare har det vore meir. Arbeidet i studentforeininga har gitt meg mange av mine beste vener, fantastiske augeblink og ein kvardag med innhald og mening, sier Ziesler.

Han har vore aktiv i studentforeininga NHHS og har no vore med å starte NHHI Active, som kvar veke arrangerer treningar som er opne for alle NHH-studentar.

– Då eg kom til NHH blei eg godt teken imot og eg ønskjer å legge til rette for at andre skal få samme oppleving som meg. Vi starta denne gruppa fordi vi vil gje eit mangfaldig og ope tilbod til studentane ved NHH. Her skal dei få oppleve idrettsglede, friluftsglede og dyrke gode sosiale relasjonar, seier han.

Godt studentmiljø

Ziesler er ikkje åleine om å engasjere seg i studentaktivitetar. I Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT), som blei presentert onsdag, kjem det fram at NHH har svært aktive studentar.

  • 55 prosent av NHH-studentane har delteke i interesseforeiningar. Talet for alle landets studentar er 18 prosent.
  • 44 prosent har delteke i organisert frivillig kulturarbeid, 14 prosent av alle landets studentar oppgir det same.
  • 56 prosent av NHH-studentane har delteke i organiserte idrettsaktivitetar. Landsgjennomsnittet er 13 prosent.

– Studentmiljøet ved NHH er unikt fordi det er så mange dyktige og engasjerte studentar. Berre på NHH er det rundt 130 interesseforeiningar med vel 1800 aktive medlemmar. I tillegg kjem eit rikt og variert tilbod av studentaktivitetar i Bergen. Dette gir studentane mykje å velje blant, og bidreg til ei innhaldsrik og spennande studietid, seier prorektor for utdanning, Linda Nøstbakken.

NHH har landets mest fornøgde studentar

86 prosent av NHH-studentane er fornøgd med kvaliteten på undervisninga. Det er best resultat av alle utdanningsinstitusjonane i Noreg, ifølgje ei europeisk studentundersøking.

SHoT-undersøkonga blir gjennomført kvart fjerde år, og er eit samarbeid mellom ulike studentsamskipnader i Noreg. Målet er finne ut kva som påverkar helse og livskvalitet for studentane, med hovudfokus på psykososiale faktorar.

 – NHH kjem godt ut på spørsmål om studentmiljø samanlikna med dei andre utdanningsinstitusjonane. Det er også gledeleg å sjå at dei er godt fornøgd med det faglege innhaldet, der undervisninga får spesielt gode tilbakemeldingar, seier Nøstbakken.

Alkoholbruk

Undersøkinga viser også at NHH-studentar har færre psykiske plager, er mindre einsame og opplever betre livskvalitet enn landsgjennomsnittet. På spørsmål om det blir drukke for mykje alkohol i studentmiljøet svarar 61 prosent at dei er litt eller heilt einig, dette er noko høgare enn landsgjennomsnittet.

 – Vi er opptekne av å skape nye møteplassar for studentane. Det var mellom anna grunnen til at fadderveka i år blei lagt om med meir fagleg innhald. Dei nye studentane fekk jobbe i grupper med ein fagleg case gjennom den første veka, og studentforeininga arrangerte fleire alkoholfrie arrangement med god deltaking. Slike tiltak vil vi ha meir av, seier Nøstbakken.

Fleire tal frå undersøkinga

  • 89 prosent  følte seg godt mottekne på noverande studieprogram som ny student  (landsgjennomsnitt 88 prosent)
  • 95 prosent deltok  i fadderordninga (landsgjennomsnitt 81 prosent)
  • 55 prosent har god eller svært god livskvalitet (landsgjennomsnitt  39 prosent)
  • 79 prosent trenar minst 2-3 gonger i veka (landsgjennomsnitt 68 prosent)
  • 30 prosent har ein del eller mykje eksamensangst (landsgjennomsnitt 44 prosent)
  • 23 prosent har blitt utsett for ein eller anna form for seksuell trakassering (landsgjennomsnitt 24 prosent)
  • 26 prosent drikk alkohol 2-3 gonger i veka (landsgjennomsnitt 14 prosent)
  • 4,8 prosent har brukt narkotika eller legemiddel som gir rus (landsgjennomsnitt 5,8 prosent)