Telenors fem utfordringar

Konsernsjef Sigve Brekke i Telenor.
PÅ NHH: Konsernsjef Sigve Brekke i Telenor var på NHH torsdag 18. oktober i forbindelse med NHH Forum. Foto: Helge Skodvin.
NHH Av Sigrid Grøm Bakken

18. oktober 2018 16:07

Telenors fem utfordringar

Konsernsjef Sigve Brekke og berekraftsdirektør Mai Oldgard i Telenor, skisserte fem moglegheiter og utfordringar for selskapet på NHH Forum 18. oktober.

Korleis Telenor tenkjer innovativt for å forsetje å vekse i marknadar i Skandinavia og Asia, og korleis ansvarleg forretningsdrift er ein integrert del av dette arbeidet, blei diskutert då selskapet gjesta NHH Forum 18. oktober.

 

NHH Forum er eit årleg arrangement i regi av forskarar og studentar ved NHH, der ei større norsk bedrift vert invitert til å kome for å snakke om aktuelle utfordringar og utviklingstrekk i deira bransje.

– Den teknologiske utviklinga byr på utallege muligheiter for Telenor, men med desse følgjer det også store utfordringar, sa konsernsjefen.

Sigve Brekke med NHH-studenter.
SNAKKA MED STUDENTANE: Konsernsjef i Telenor i samtale med NHH-studentane Tamiris Eldi, Vilde Eide Bjørnebøle og Erle Blakstad etter NHH Forum. Foto: Helge Skodvin.
NHH-student Atle Børve Larsen.
STILTE SPØRSMÅL: NHH-student Atle Børve Larsen stilte spørsmål til panelet. Foto: Helge Skodvin.
NHH-styreleder Kari Olrud Moen, konsernsjef Sigve Brekke i Telenor og NHH-rektor Øystein Thøgersen tar selfie.
SELFIE: NHH-styreleiar Kari Olrud Moen, konsernsjef Sigve Brekke i Telenor og NHH-rektor Øystein Thøgersen tok ein selfie før NHH Forum starta. Foto: Helge Skodvin.
Viking Consulting Team
VANN: Laget Viking Consulting Team, beståande av NHH-studentane Stine-Mari Stavik, Aleksander Ragnvaldsen, Nelly-Elvira Nora Andrée Tranaas og Nicolai Christopher Stechmest Sivertsen, gjekk av med sigeren. Foto: Helge Skodvin.
NHH-professor Lars Jacob Tynes Pedersen
BÆREKRAFTSMÅL: Norske bedriftar må implementera FNs berekraftsmål i deira forretningsstrategiar, sa NHH-professor Lars Jacob Tynes Pedersen. Foto: Helge Skodvin.
CEMS- og utvekslingsstudenter ved NHH.
I SAMTALE: Utvekslingsstudentane Laura Montag, Anna Reinwald og Julian Berzborn frå Tyskland, samt CEMS-studentane Gaurry Sharma og Katina Rédei fekk snakke med konsernsjefen.

UTFORDRINGAR OG MULEGHEITER

Saman med berekraftsdirektør Mai Oldgard, skisserte konsernsjefen fem muligheiter og utfordringar som selskapet i dag står overfor i globale marknadar innan mobilkommunikasjon.

1. FLEIRE BLIR TILKOPlA

– Dette gjør liva våre enklare, betre og meir ressurseffektive, men samtidig utfordrar det vår ytringsfridom, sa Brekke.

2. RASK VEKST

Telenor får stadig fleire mobilkundar i Asia, men enkelte land opererer ikkje etter globale standardar når det gjelder arbeidsmiljølov, personvern og anna regelverk.

– Det er derfor vår oppgåve å lære og følgje opp både våre kundar og leverandørar, sa Oldgard.  

3. FYRSTETREKKSFORDEL

– Konkurransefortrinn kan sikrast ved at vi er først ute med nye løysningar. Samtidig kan det i enkelte tilfelle være lurt å være en etterfølger. Utfordringa er å vite korleis vi skal balansere disse rollene, sa konsernsjefen.  

4. PERSONALISERING

– Stadig fleire ønsker personaliserte tenester. Samtidig føler mange at de mistar kontroll over egne personlege data og dei veit ikkje korleis dataene nyttast, sa Brekke.

– Det er vår oppgåve å jobbe for å byggje tillit med våre kundar og gjere dei trygge på at vi verna om deira personlege data. Ved å bygge tillit, vil vi oppnå varig suksess, sa Brekke.  

5. KONTINUERLEG UTFORSKING

– Telenor jobbar kontinuerlig med å utforske nye innovative løysningar for våre kundar. Samtidig utfordrar det vår evne til å holde våre løfter, sa konsernsjefen.

 

Les også: 

Jobbintervjuer i kø etter Innovation school i USA

På Innovasjon School i California lærte Ingvild Kvinnsland teknikker for innovasjon og nyskaping. – Det gjør henne attraktiv på jobbmarkedet, sier NHH-forsker.

VANN CASE-KONKURRANSE

Ei nyvinning i samband med årets NHH Forum, vart ein case-konkurranse arrangert i samarbeid mellom NHHS Case Club og Telenor.

 

Sju lag ble gitt tre timar til å identifisere og presentere nye, innovative forretningsmulegheiter for Telenor.

Laget Viking Consulting Team, beståande av NHH-studentane Stine-Mari Stavik, Aleksander Ragnvaldsen, Nelly-Elvira Nora Andrée Tranaas og Nicolai Christopher Stechmest Sivertsen, gjekk av med sigeren.