– Det er mykje å lære frå NHH

Linda Nøstbakken
– Studietilbodet ved NHH skal heile tida være faglig oppdatert og relevant, og då er det avgjerande å lytte til innspel frå både tilsette og studentar, seier professor og prorektor ved NHH, Linda Nøstbakken.
NHH Av Sigrid Folkestad

26. oktober 2018 15:36

– Det er mykje å lære frå NHH

NHH oppfyller alle krava til systematisk kvalitetsarbeid, og NOKUT er imponert over arbeidet. – NHH sitt studietilbod skal heile tida være faglig oppdatert og relevant, seier prorektor Linda Nøstbakken.

Alle universitet og høgskular skal ha eit systematisk kvalitetsarbeid som sikrar og videreutviklar kvaliteten i alle studietilboda sine. Saman med NHH, har alle dei sju vitskaplege høgskulane frivillig delteke i ein pilot der NOKUT testar ut nye krav og ny metode for tilsyn. 

Berre to fikk godkjent

Fleire andre institusjonar i piloten har hatt utfordringar med å dokumentere at dei har fått på plass ordningar for å systematisk sjekke at alle studietilbod er i tråd med gjeldande forskrifter. 

Det var berre NHH og VID Vitskaplege Høgskule som fekk godkjent på alle punkt.

Det er mykje å lære frå NHH sitt arbeid, meiner NOKUT-direktør Terje Mørland.

– Vi vonar alle som jobbar med dette les rapportane og bruker dei i utviklinga av eiga kvalitetsarbeid, seier Mørland.

I sommar kom det foreløpige resultatet for NHH. Konklusjonen frå den sakkunige komiteen som har gjennomført tilsynet var klar: NHH vart godkjent på alle punkt.

Får ros for utdanningskvaliteten

NHH er best i klassen på utdanningskvalitet, viser NOKUT-tilsyn.

Oppdatert og relevant

Den gong kommenterte prorektor Linda Nøstbakken det slik.

– Tilbakemeldingane frå studentane er at studietilbodet ved NHH er faglig motiverande og inspirerande. Mykje av årsaken til dette, trur eg, er det grundige kvalitetsarbeidet vi gjer. Studietilbodet ved NHH skal heile tida være faglig oppdatert og relevant, og då er det avgjerande å lytte til innspel frå både tilsette og studentar, i tillegg til resultat frå undersøkingar vi sjølv og andre gjennomfører.

Denne veka kom altså det endeleg vedtake frå NOKUT-styret.

I godkjenninga trekk NOKUT spesielt fram korleis NHH har vore tidleg ute med å respondere på endringa i forskrifta til studietilsyn; om at man skal kunne dokumentere at studietilboda tilfredsstill alle krav i lov og forskrift. Og at rutinane som er utarbeidd ved NHH allereie synest å være godt kjende i institusjonen.

NHH-forskning får toppkarakter

NHHs forskning er i verdensklasse. Den vitenskapelige standarden beskrives som «excellent» og får toppkarakteren 5 av internasjonale fagkomiteer. Kun åtte andre samfunnsvitenskapelige institusjoner får samme karakter.