Pettersen årets alumni 2018

pettersen
På alumikonferansen Opptur ble Christoffer Pettersen i dag kåra til Årets Alumni, eit heidersteikn som vert tildelt NHH-arar som inspirerer alumni, noverande og komande NHH-studentar – delt ut av rektor Øystein Thøgersen. Foto: Siv Dolmen
NHH Av Sigrid Folkestad

8. november 2018 17:22

Pettersen årets alumni 2018

– Christoffer Pettersen tenkjer nytt, utfordrar og går sine eigne vegar, sa rektor Øystein Thøgersen, som delte ut prisen på Alumnikonferansen Opptur denne veka.

Alumnirådet ved Noregs Handelshøgskole har kåra Christoffer Pettersen til Årets Alumni, eit heidersteikn som vert tildelt NHH-arar som inspirerer alumni, noverande og komande NHH-studentar.

Balansen mellom NHH og NHHS

Årets Alumni er ikkje ein næringslivspris, understrekar Alumnirådet, men går til ein person som er utdanna ved NHH og har ei tydeleg kopling til høgskulen.

– Det må jo være et teikn på at eg har fått til å optimalisere balansen mellom NHH og NHHS, seier ein smilande prisvinnar.

Pettersen er sjølv medlem i rådet av tidlegare NHH-studentar, men då eksterne NHH-arar føreslo han som kandidat, gjekk han ut av all vidare handsaming.

Ekspanderer i kontrollert tempo

Christoffer Pettersen startet AVO Consulting for atten måneder siden og har allerede kontorer i Bergen, Oslo og Stockholm. – Vi kunne ha ekspandert raskere, men spørsmålet er om vi kunne klart det uten å vanne ut oss selv.

Pettersen er med-gründer og partnar i AVO Consulting, og har vore ein hyppig gjest på NHH i det siste. Han har rekruttert ei rekkje nyutdanna folk og har engasjert seg i NHH si breie satsing på digitalisering. Tidlegare i år oppretta NHH eit nytt fagemne på masternivå, med «Kunstig intelligens og robotisering». Faget blei til gjennom finansiering frå BKK, Wikborg Rein og AVO Consulting.

Einmannsshow?

– Men kva skal ein seie? Pettersen kan gjerne til tider opplevast som eit einmannsshow, men den verkelege sannheita er at eg har hatt og har utruleg mange flinke og hjelpsame medstudentar, venar, familie og alumni rundt meg som gjer at eg kan fokusere på akkurat det som gjev meg mest energi til ein kvar tid, seier Pettersen sjølv.

Han rettar ein stor takk til dei alle.

– Takken går til dei som har latt meg få setje ut i live alle dei sprø ideane og tankane eg går rundt med. Ekstra gøy er det jo å bidra til å setje teknologi på agendaen, det har jo stått mitt hjarte nær heile mi tid på NHH og i NHHS.

I 2016 starta Pettersen og fire andre opp AVO Consulting, eit konsulentselskap spesialisert på oppdrag i skjeringspunktet IT/forretning. Etter berre 18 månader hadde dei kontor i Bergen, Oslo og Stockholm.

NHH satser på nytt robotkurs

– Jeg er på vei inn i en jobb der jeg trenger mye IT-forståelse, sier Viktoria V. Hæsken. Hun er en av mange studenter som ønsker mer kompetanse i forretning og teknologi og tar kurset «Kunstig intelligens og robotisering».