Slik bygde fotball ein nasjon

Uruguay Football Team 2018
Innlegg

6. juli 2018 10:10

Slik bygde fotball ein nasjon

Eg har aldri nokon plass opplevd ein fotballkultur og ein fotballidenskap som i Uruguay, skriv Johannes Nymark, pensjonert førsteamanuensis ved NHH, i ein kronikk i Bergens Tidende 6. juli.

Eg har aldri nokon plass opplevd ein fotballkultur og ein fotballidenskap som i Uruguay.

I Uruguay er ein medviten om den funksjonen fotballen har hatt for å skapa nasjonal identitet. Uruguay blei olympisk meister i fotball i Paris i 1924 og gjentok bragda fire år seinare i Amsterdam.

Etter dei to OL-triumfane blei Uruguay peika ut til å arrangera det første fotball-VM i historia, i 1930, det året Uruguay feira 100 årsjubileum som uavhengig land.

Som ein gest til den historiske markeringa fekk det nybygde finalestadionet i Montevideo namnet Estadio Centenario (Hundreårsstadionet). Og Uruguay var ikkje snauare enn at landet gjekk bort og vann heile VM. Som to år før var det Argentina som fekk unngjelda.

Det var Eduardo Galeano som først gjorde meg merksam på det. Fotballbok-forfattaren er ikkje i tvil: Heimlandet hans Uruguay blei ein eigen nasjon takk vera fotballen.

Dei olympiske triumfane i fotball på 1920-talet plasserte landet på verdskartet. Inntil då hadde dei intellektuelle spurt seg sjølve om landet var provins eller nasjon, og om det fanst ein eigen identitet i dette landet som ligg klemt inne mellom dei to gigantane Brasil og Argentina.

Begge naboane hadde hatt lyst til å innlemma området i tiåret mellom 1820 og 1830, og hadde sidan sett med vanvørdnad på den inneklemte veslebroren.

Det første VM etter den 2. verdskrigen fann stad i Brasil i 1950. No skulle også England vera med, landet som hadde funne opp den moderne fotballen, men som fram til då hadde sett på VM som alt for vulgært og difor ikkje hadde stilt.

Framleis følte dei seg overlegne og var sikre på å henta sigerstrofeet heim over Atlanteren. Etter først å ha slått Chile oppskriftsmessig 2-0 rauk dei ut or turneringa etter tap for både USA og Spania. Mest forsmedeleg var sjølvsagt tapet for USA, eit land utan fotballtradisjonar, utan eigen liga og der ein ikkje ein gong snakka om fotball, men soccer.

I staden var det vertslandet Brasil som kom til finalen, der landet var storfavoritt i kampen mot den vesle naboen, oppkomlingen Uruguay. Aldri har det vore så mange tilskodarar på eit fotballstadion: Om lag 200 000 var det inne på det gigantiske Maracaná stadion i Rio de Janeiro. Dei aller var fleste brasilianarar, som braut ut i eksplosjonar av jubel då Friaca førte heimelaget i leiinga med ei scoring seks minuttar ut i den andre omgangen.

Men då blei det født ei myte i den tids fotballverd: Myten rundt kapteinen på Uruguay, Obdulio Varela, som med åtferda si etter Brasil sitt mål, fekk dei brasilianske spelarane og det brasilianske publikummet totalt ut or likevekt.

Tre minutt tok det frå Obdulio henta ballen ut or nettmaskene og til kampen tok til att. På den tida hadde Obdulio roleg gått mot midten, han hadde prøvd å forklara dommaren at ein brasilianar hadde vore offside eit par trekk før målet blei sett inn, og då dommaren ikkje forstod spansk, hadde han gått og henta ein omsetjar.

Han visste godt, ­det fortalde han seinare at målet ikkje ville bli underkjent. Men han hadde oppnådd det han ville. Brasilianarane blei rasande; ein så mykje at han spytta Obdulio midt i trynet. Usportsleg åtferd er ikkje noko nytt frå våre dagar.

Uruguay nytta høvet no då motstandaren var ute av seg av raseri. Obdulio synte at ein ikkje trong frykta kjempa frå Brasil. Etter ei stund utlikna Schiaffino for Uruguay, og ni minutt før full tid sette Ghiggia inn sigersmålet. Sigerherrane frå Uruguay var nær ved å bli lynsja av lamslegne brasilianarar, berre politiet hindra at det blei total katastrofe.

Obdulio Varela var ikkje verre enn at han om kvelden tok med seg nokre spelarar ut på bar for å feira sigeren. Det heiter seg at berre få av dei brasilianske gjestane kjende att spelarane frå Uruguay på barane dei var innom.

Det utrulege hadde skjedd: På to VM hadde Uruguay audmjuka dei to store naboane sine, først Argentina, så Brasil. David hadde nytta mot Goliat den same arrogansen som til vanleg var sistnemnde sitt viktigaste våpen. I Argentina var det ein tendens til å kalla Uruguay for el paisito, det vesle landet.

Obdulio Varela blei eit nasjonalt ikon, han hadde i 1950 lært folket i Uruguay å stå oppreist andsynes sine storsnuta naboar, på ein mykje meir effektiv måte enn politikarane hadde gjort det gjennom 120 år.

Folk i Uruguay fan etter kvart ut at dei kunne vera krye av meir enn fotballen. Som eitt av dei første i verda utvikla landet for rundt hundre år sidan arbeidar- og sosiallover som gjorde landet til den første velferdsstaten i Latin-Amerika.

Men like etter sigeren i fotball-VM i 1950 gjekk landet inn i økonomiske krisetider, og både landet, folket og fotballen leid med den vanskelege økonomien. Folk fødde ut på 1950-talet kjende det slik at dei hadde kome for seint til alt: «No finst det ikkje lenger fotballspelarar som Obdulio», blei ein fast klisjé mellom dei generasjonane som blei vaksne i den siste halvdelen av det førre hundreåret.

Frå 1970-talet blei det uruguayanske samfunnet prega av vald og brutalt militærdiktatur. Fotballen landet stod for fram til nesten våre dagar, blei prega av hardt, brutalt, stygt og tilmed valdeleg spel. Oscar Tabárez, trenar for Uruguay i ein første periode i åra 1988-1990, prøvde utan hell å få bukt med brutaliteten og dei stygge manerane landslaget var kjent for, før VM i Italia i 1990, i ei tid då Uruguay på papiret hadde eit kanonlag.

Meir hell har Tabárez hatt i sin andre periode for landslaget, frå 2006 av. Også no har han eit kjempegodt lag, spesielt solide i forsvar og angrep, om enn ikkje alltid med dei rette sportslege manerane.

Men dei er vonde å laga mål på, landslaget frå dette landet på 176 000 km² og med 3,4 millionar innbyggjarar som blei ein nasjon takk vera fotballen.

Sjølv har eg aldri nokon plass opplevd ein fotballkultur og ein fotballidenskap som i Uruguay.

Og det er ikkje for ingenting at ein mann, fødd 16. juni 1950, den dagen då landslaget vann Brasil-VM, og i eit land utan namnelov, blei døypt Uruguay Campeón (som tyder ‘Uruguay Meiser’).

Kronikken ble først publisert i Bergens Tidende, 6. juli 2018.