NHH har landets mest fornøgde studentar

Undervisning, NHH
Dei vitskaplege høgskulane har dei mest fornøgde studentane i Norge, og best i klassen er NHH.
NHH

26. februar 2018 11:07

NHH har landets mest fornøgde studentar

86 prosent av NHH-studentane er fornøgd med kvaliteten på undervisninga. Det er best resultat av alle utdanningsinstitusjonane i Noreg, ifølgje ei europeisk studentundersøking.

Eurostudent er ei spørjeundersøking  som blir gjennomført blant studentar i alle europeiske land. Det er sjette gong at norske universitet og høgskular er med på denne undersøkinga.

Studentane har mellom anna svart på kor fornøgd dei er med kvaliteten på undervisninga. NHH har den høgste andelen studentar som er fornøgde med kvaliteten på undervisninga i 2016, med 86 prosent. Gjennomsnittet for dei norske utdanningsinstitusjonane er 65 prosent, skriv SSB, som har publisert ein artikkel om funna.

Andre funn i undersøkinga:

  • Dei vitskaplege høgskulane har dei mest fornøgde studentane i Norge.
  • Studentar i bedriftsøkonomiske, administrative og juridiske fag, samt studentar som tek naturvitskapelege fag, matematikk eller informasjons- og datateknologi og studentar i humanistiske og estetiske fag, har dei største andelane av studentar som er (svært) fornøgde med undervisningskvaliteten.
  • Totalt sett er norske studentar mindre fornøgd med undervisningskvaliteten enn dei er i resten av Norden. I Sverige og på Island er andelen fornøgde studentar på rundt 70 prosent. I Finland er talet 76 prosent, over 10 prosentpoeng meir enn i Noreg.
  • Bachelorstudentar i Noreg er mindre fornøgd enn masterstudentar. 61 prosent av bachelorstudentane er fornøgd med undervisningskvaliteten, mens talet er 72 prosent for masterstudentar.

Les også:

NHH-studier gir gode jobbmuligheter

Studiene på NHH er yrkesrelevante og gir gode jobbmuligheter. Det er tilbakemeldingene fra studentene i den nasjonale undersøkelsen Studiebarometeret.