Klart for FIBE 2019

Pause under Fibe 201.7 Arkivfoto: Marit Hommedal
Forskarar innan bedriftsøkonomi strøymer til FIBE ved NHH kvart år i januar. Biletet er frå konferansen i 2017. Arkivfoto: Marit Hommedal
NHH

21. desember 2018 13:14

Klart for FIBE 2019

Tradisjonen tru er FIBE første faglege programpost i det nye året på NHH. 3. og 4. januar samlast over 170 deltakarar til konferanse under tittelen «The Future of Business Schools.»

I 2019 er det 36. gang NHH er vertskap for FIBE – Fagkonferansen i bedriftsøkonomiske emner.

Leiar for konferansekomiteen er førsteamanuensis og NHHs prorektor for fagressursar, Gunnar E. Christensen.

– Kvifor har de vald å fokusera på handelshøgskulane si framtid?

– Vi lever i ei verd prega av raske endringar utløyst av megatrendar som stadig raskare teknologisk utvikling, globalisering, demografisk endring, klimaendringar og ressursknappheit. Desse endringane skapar ulike utfordingar i alle delar av samfunnet, og businesskular er ikkje unntatt frå dette, seier Christensen.

– Marknaden etterspør ny kompetanse på stadig nye område, noko som har stor innverknad for kva kompetanse og kunnskap vi tilfører våre kandidatar. Vi ser også behov for stadig fornying av undervisingsformer og pedagogikk – gjerne teknologibasert. Livslang læring, som til dømes executive-program, vert dessutan stadig viktigare, held han fram.

Hovudtalar frå Aalto

FIBE følger tradisjonen med ein "keynote speaker" på årets hovudtema.

Ingmar Björkman er keynote speaker under FIBE 2019. Foto: Aalto-universitetet
Ingmar Björkman. Foto: Aalto-universitetet

Hovudtalar i 2019 er professor Ingmar Björkman frå Aalto-universitetety i Finland.

– Björkman har vore rektor på Aalto University School of Business i ei årrekkje og har delteke aktivt i debatten om kva utfordringar handelshøgskular står overfor. Han leiar sjølv ein institusjon som har vore flink til å omstilla seg i takt med endra krav og etterspurnad etter kompetanse, forklarar Christensen

Etter Björkman sitt innleiingsføredrag vert det parallelle sesjonar der det vert presentert om lag 45 forskingsbidrag innanfor ulike bedriftsøkonomiske emne.

Pandeldiskusjon

FIBE 2019 vert avslutta med ein plenumssesjon der ein returnerer til konferansens hovudtema.

– Vi har invitert tre fagpersonar frå tre ulike institusjonar til å dela sine tankar om utviklinga for norske handelshøgskular. Desse er professor Inger Johanne Pettersen frå NTNU Handelshøyskolen, professor og prodekan for forsking Ola Kvaløy frå Handelshøgskolen ved UiS og førsteamanuensis og prorektor for nyskaping og utviklingsarbeid Therese E. Sverdrup frå NHH.

– Dei vil også delta i en paneldiskusjon under leiing av førsteamanuensis Lars Jacob Tynes Pedersen frå NHH, avsluttar Christensen.

Les meir om FIBE 2019 og sjå heile programmet