Klar for Forskar Grand Prix

Erling Risa, PhD-student
– Det er utfordrande å snakke om forskinga si i eit så kort format som fire minutt, seier stipendiat Erling Risa. Onsdag skal han i elden under Forskar Grand Prix. Foto: Øyvind Torvund
Av Øyvind Torvund

22. september 2017 12:25

Klar for Forskar Grand Prix

Kor mykje har familiebakgrunnen å seie for kva slags utdanning ein tek? Det forskar stipendiat Erling Risa på. Onsdag representerer han NHH i formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix.

– Førebels er nervane under kontroll, men dei kjem nok når det nærmar seg. Eg har aldri presentert framfor eit et så stort publikum, i tillegg blir det filma og sendt på TV. Det blir spennande, seier Erling Risa. Han er stipendiat på Institutt for samfunnsøkonomi og er tilknytt det nye FAIR-senteret på NHH.

Ein god øvingsarena

Forskar Grand Prix går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentere forskinga si. Dei tre beste går til ei finalerunde der dei får ytterlegare fire minutt. Dei to beste i denne siste runda går vidare til den nasjonale finalen.

– Forskarane bør vere ute og formidle resultata dei kjem fram til. Det er ein viktig del av jobben vår. Forhåpentlegvis vil det vere interessant for publikum å høyre på Forskar Grand Prix, men i tillegg er det ein god øvingsarena for oss som er med, seier NHH-stipendiaten.

Risa forskar på korleis folks inntekt, utdanning og yrkesliv blir påverka av familiebakgrunnen deira.

– Det er utfordrande å snakke om forskinga si i eit så kort format som fire minutt. Eg har heldigvis ein del konkrete forskingsresultat å snakke om, og forhåpentlegvis er det så spennande at eg blir sendt vidare til andre runde.

Ut av komfortsona

Eit dommarpanel og publikum i salen avgjer kven som går vidare. I førebuinga til arrangementet har stipendiatane fått coaching frå mellom anna teaterinstruktørar og kommunikasjonsrådgjevarar.

– Det har vore veldig bra. Det har vore nokre øvingar der me måtte litt ut av komfortsona, men det har vore spennande. Det er nyttig å få tilbakemelding på ting som kroppsspråk, stemmebruk og korleis legge opp ein presentasjon. No gler eg meg berre til å gå på scena, seier Erling Risa.

Forskar Grand Prix går av stabelen i Mimes Brønn på Høgskulen på Vestlandet onsdag 27. september klokka 19.00.

Her kan du lese meir om Forskar Grand Prix

Forskningsnytt frå NHH