Oppvurderer risikoen på sitt felt

risiko
Risiko er kunnskapen om at noko uventa kan skje, og kor ofte dette vanlegvis skjer. Det usikre er når vi ikkje kjenner kor sannsynleg det uventa er. Eg er oppteken med at ukjent og usikker risiko kan vera vel så viktig som risiko vi kjenner, skriv Aksel Mjøs..
Innlegg

20. mars 2017 08:30

(oppdatert: 20. mars 2017 08:51)

Oppvurderer risikoen på sitt felt

Vi treng sunn skepsis mot særinteressegrupper som oppvurderer risikoen på sitt felt for å få meir ressursar.

Eg trur ikkje på omfattande utvida risikoanalysar på alle samfunnsfelt, men vil utfordra styresmaktene til å verta meir tydelege i si risikostyringsoppgåve.

Kva betyr eigentleg risiko og usikkerhet? Omgrepa vert altfor ofte blanda saman. Risiko er kunnskapen om at noko uventa kan skje, og kor ofte dette vanlegvis skjer. Det usikre er når vi ikkje kjenner kor sannsynleg det uventa er. Eg er oppteken med at ukjent og usikker risiko kan vera vel så viktig som risiko vi kjenner.

Om vi gjer tusenvis av myntkast får vi temmeleg sikkert halvparten kron, og usikkerheten rundt dette er låg. Ein kontrast er at den som føder på eit jordgolv i Afrika, er utsett for ein medisinsk risiko som både er stor og usikker.

Uventa og uheldige hendingar

Det er openbart at å sikra seg mot sikker risiko er langt enklare enn mot usikker risiko.

I prinsippet kan ei uventa hending vera betre eller verre enn forventa, og innan finansfaget er det særleg aksjeforvaltarar som leitar etter risiko som kan gi meiravkastning. Eg vil likevel fokusera på uventa og uheldige hendingar.

Forventa tap

I risikoanalysar reknar ein seg fram til forventa tap om det skulle skje ei uventa hending. I reknestykket må ein og vurdera kor usikre tala er.

I våre samfunnsmessige prioriteringar er det krevjande å handtera både risiko og usikkerhet, og særleg når forventa tap og naudsynte tiltak skal samanliknast på tvers av alle samfunnsområde. Det er viktig at analyseproblema ikkje påverkar prioriteringane.

Store ressursar

Stortinget vedtok for 15 år sidan ein «nullvisjon» i trafikken, formulert som «en visjon om et transportsystem som ikke fører til tap av liv eller varig skade».

Innan bank og forsikring krev ein at risikokapitalen skal stå imot store tap sjølv om ein ventar at dei berre skjer ein gong kvart 200 år, og i tillegg er det stramme reguleringar utover dette. I begge desse eksempla brukar vi store ressursar for å nå desse måla.

Individuell risiko

Ei heilt anna vurdering gjeld eksempelvis utsette barn og unge, der risikoen for utanforskap, rus og kriminalitet har samanheng med tidleg innsats frå mellom anna helsestasjon, barnehage, skule og barnevern.

Ei utfordring her er at risikoen både er individuell og svært usikker, og at risikohandteringa lett utfordrar privatlivets fred.

Usikker risiko, få effektive tiltak

Ein annan krevjande risiko er kor avhengig Noreg er av verdshandelen, og at den er fri og føreseieleg. Vår økonomiske vekst og velstand er i stor grad bygd på omfattande handel med energi og energibaserte varer, fisk, og tenester.

Globalt er det sterk støtte for samhandel, men det var det og for hundre år sidan. Framtida for verdshandelen vart plutseleg meir usikker då vi vakna opp til Brexit og Trump. Her er både risikoen usikker og effektive tiltak få.

Risiko med i vurderingen

Helsevesenet på sitt beste er gode på risikovurderingar. Gode legar veit at all medisinsk behandling er risikabel og særleg for nye behandlingsmåtar. Risiko er difor med i vurderingane når ein vel bort dyre behandlingar med usikker verknad.

I tillegg kjem sjølvsagt vanlege ressursvurderingar opp mot venta helsegevinstar.

Prioriteringar

Eg trur ikkje på omfattande utvida risikoanalysar på alle samfunnsfelt, men vil utfordra styresmaktene til å verta meir tydelege i si risikostyringsoppgåve. Vi treng og sunn skepsis mot særinteressegrupper som oppvurderer risikoen på sitt felt for å få meir ressursar.

Alle prioriteringar inneber meir og mindre usikker risiko, og det er ikkje sikkert at det er den risikoen som er enkel å vurdera som er den viktigaste å handtera.

Kronikken sto først på trykk i Aftenposten 20. mars 2017

Les Forskningsnytt fra NHH