Sjekkar ut NHH CAMPUS FOR FØRSTE GANG

Vinjard Rysstad Talsnes leia ei gruppene på omvisning på campus, studentkoret Sirenene underhaldt med humoristiske tekstar. Alise Helene Kibsgaard-Mörsdorf (16) kom frå Oslo for å delta på NHHs Open Dag. Alle foto: Helge Skodvin
Vinjard Rysstad Talsnes leia ei gruppene på omvisning på campus, studentkoret Sangria underhaldt med humoristiske tekstar. Alise Helene Kibsgaard-Mörsdorf (16) kom frå Oslo for å delta på NHHs Åpen Dag. Alle foto: Helge Skodvin
Av Ingunn Gjærde

23. mars 2022 13:22

Sjekkar ut NHH CAMPUS FOR FØRSTE GANG

Elevar i videregåande skule kom eins ærend frå både Oslo og Skottland for å delta på Åpen dag på NHH.

– Eg synes NHH verkar som ein fin plass å studere, sa Alise Helene Kibsgaard-Mörsdorf.

Ho hadde reist frå Oslo til Bergen med mor og søster, for å sjekke ut Bergen og NHH. Under Åpen dag på NHH fekk ho omvisning på campus og høyre meir om valmoglegheiter på master, utveksling, erfaringar frå studentar og prate med forskarar.

Både Alise Helene og søstera på (14) vurderer å flytte til Bergen og starte på NHH. 

Frida Fjeld-Litleskare finn seg eit NHH-nett i registreringa. Ho og Thea S. Lien (t.h.) er begge frå Bergen og hadde høyrt om Åpen dag frå rådgivaren på Amalie Skram vidaregåande skule.  Til høgre er Stijn van Oorschot, leiar i NHHS, i aksjon.
Frida Fjeld-Litleskare finn seg eit NHH-nett i registreringa. Ho og Thea S. Lien (t.h.) er begge frå Bergen og hadde høyrt om Åpen dag frå rådgivaren på Amalie Skram vidaregåande skule. Til høgre er Stijn van Oorschot, leiar i NHHS, i aksjon. Foto: Helge Skodvin

– Å reise på utveksling til Tyskland er noko vi begge er interesserte i å gjere når vi blir studentar, fortalde Alise Helene.  

ETTERTRATA KOMPETANSE 

Håkon Stien, Silje Farstad Moe og Kristian Stenmark er studentambassadørar på NHH. Dei leia framtidige nye studentar og føresette trygt gjennom programmet.  

– Viss du vel å gå på NHH har du mange dører opne, sa Håkon og viste fram alle dei ulike bransjane NHH-studentar får jobb innafor. Sjølv er han ferdig ved NHH til våren, og stillinga som konsulent ventar når masteroppgåva er levert.

Henrik Karlsen (18) og Tobias Slinning Urke (18) var nysgjerrige på alle studenttilboda på NHH.
Henrik Karlsen (18) og Tobias Slinning Urke (18) var nysgjerrige på alle studenttilboda på NHH. Foto: Helge Skodvin

Tiril Fagerås (18) frå Hønefoss er ein av elevane på vidaregåande som snart skal bestemme seg for utdanningsretning. 

– Eg har høyrt at NHH er ein bra skule og at Bergen er ein god studentby. Det femårige løpet som NHH tilbyr med integrert masterutdanning er veldig interessant, sa Tiril.  

OMVISNING PÅ CAMPUS 

På ein benk i Speilsalen hadde Syver Wisur (17) sett seg nedpå for å suge inn alle inntrykka. Med mor og far hadde han reist frå Skottland til NHH denne laurdagen.  

– Eg har gått på skule i utlandet heile livet, så det hadde vore kjekt å budd i Norge og fått brukt norsken medan eg studerer. NHH gir mange moglegheiter vidare, sa Syver.  

Med ein far i oljebransjen, har familien budd i både Tyskland og Dubai tidlegare. 

Etter mingling, mat og miniførelesingar var det tid for omvisning på campus. I grupper fekk unge nysgjerrige hovud sjå lesesalar, førelesingssalar og alt livet som student på NHH har å by på.