Slik vil utvalet gjere det enklare å få barn tidlegare

katrine v. løken_sigrid folkestad
Katrine V. Løken, professor og prorektor for forsking ved NHH, var med i ekspertutvalet som har foreslått tiltak for å snu fallet i fødselstala i Noreg. Foto: Sigrid Folkestad
Av Sigrid Folkestad

9. februar 2026 12:35

Slik vil utvalet gjere det enklare å få barn tidlegare

Barnehageplass til alle frå fylte eitt år og ekstra barnetrygd til foreldre under 30 år. Dette er to av tiltaka frå Fødselstallutvalget.

Barnetrygd og stipend

Utvalet sitt fleirtal føreslo økonomiske tiltak i ei delleveranse for eitt år sidan. Desse vart retta mot unge vaksne. Utvalet sitt fleirtal held fast ved forslaget i NOU 2026: 2 - å auke den økonomiske støtta til foreldre under 30 år

  • Ei ekstra barnetrygd til foreldre under 30 år. Utvalet meiner at ekstra barnetrygd påverkar i liten grad viljen til å arbeide. Samstundes gir ho, i motsetnad til eingongsutbetalingar, ei meir varig inntektsauke og gjer at ein unngår brå kutt som kan opplevast som urimelege.
  • Auke i foreldrestipendet på 25 000 kroner til studentar og ei reduksjon i studiegjelda på 25 000 kroner per barn født i studietida.

Eit stort fleirtal av unge menn og kvinner i Noreg ser føre seg eit liv med barn, og dei ønskjer å få barna tidlegare enn det som er vanleg i dag. Likevel endar stadig fleire opp med færre ungar enn dei eigentleg ønskte seg – og dei kjem sein i livet.

1,44 barn per kvinne

Samla fruktbarheitstal i Noreg har falle frå 1,98 barn per kvinne i 2009 til 1,44 barn per kvinne i 2024. Målinga for 2023 på 1,40 er det lågaste nivået som er målt i Noreg.

Måndag denne veka la Fødselstallutvalget fram «NOU 2026: 2 Politikk for nye generasjoner». Professor og prorektor for forsking Katrine V. Løken har vore medlem i ekspertgruppa. Førsteamanuensis Rannveig Kaldager Hart ved Universitetet i Oslo har leia arbeidet.

Sjå overrekkinga her

Sein etablering og tidsklemma

Fødselstallutvalget peikar på to hovudårsaker til fallet i fødselstala.

– Det eine er at unge etablerer seg seinare i vaksenlivet, mellom anna når det gjeld bustad, samliv og arbeidsliv, og dermed utset familiedanninga. Det andre er at færre får fleire enn to barn, seier Kaldager Hart i ei pressemelding.

Dette kan både henge saman med tidsklemma mellom arbeid og familie, og med helsemessige utfordringar knytte til svangerskap, fødsel og barseltid. 

Utvalgets medlemmer

Leder:

Rannveig Kaldager Hart, Oslo, førsteamanuensis ved institutt for helse og samfunn, UiO, Seniorforsker, FHI.

Medlemmer:

Sara Cools, Oslo, forsker ved Institutt for samfunnsforsking.

Heidi Tiller, Tromsø, Overlege fødselshjelp og kvinnesykdommer og professor ved Universitet i Tromsø.

Sylo Taraku, Drammen, Rådgiver i Tankesmien Agenda og forfatter.

Vegard Fykse Skirbekk, Oslo, Professor, forsker ved Universitet i Oslo og Forskningsleder ved Senter for Fruktbarhet og Helse.

  • Kristoffer Chelsom Vogt, Bergen, Instituttleder og professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen.
  • Kari Løvendahl Mogstad, Trondheim, Lege, spesialist i allmennmedisin og forfatter.
  • Katrine Vellesen Løken, Bergen, Professor i samfunnsøkonomi ved Norges handelshøgskole.
  • Alexander Berg Erichsen, Eidskog, Rådgiver i Fagforbundet og høgskolelektor på Høgskolen i innlandet.
  • Eva Victoria Sparrman, Oslo, Samfunnsøkonom i NHO.
  • Erlend Sæther, Alstadhaug, student.
  • Maiken Køien Andersen, Engerdal, Norsk studentorganisasjon (NSO).

Tiltak for å snu utviklinga

  1. Redusert utanforskap: Å førebyggje helseproblem, støtte gjennomføring i vidaregåande opplæring og styrkje inkludering i arbeidslivet kan bidra til lågare barnløyse, særleg blant menn.
  2. Raskare etablering i vaksenlivet: Ein smidigare overgang mellom førstegongsteneste og utdanning, samt meir attraktive og tilgjengelege yrkesfag, kan gjere det enklare å få barn tidlegare. Ei eventuell nedkorting av grunnskuleløpet kan trekkje i same retning.
  3. Auka økonomisk støtte til unge foreldre: Meir økonomisk støtte til foreldre under 30 år kan gjere det enklare å få barn tidleg for dei som ønskjer det
  4. Eit betre bustadmarknad for barnefamiliar: Auka bustadtilbod og tiltak som kan dempe bustadprisveksten, til dømes skatt på bustadeigarskap, kan gi raskare inngang i bustadmarknaden.
  5. Betre helsetenester for framtidige og nye foreldre: Betre helsetilbod kan gi ein tryggare overgang til foreldreskap og støtte ønsket om fleire barn.
  6. Smidigare overgang frå foreldrepengar til barnehage: Ein meir fleksibel og effektiv overgang kan redusere uønskte ulønte permisjonar og gi meir familietid. Utvalet føreslår barnehageplass til alle barn frå eitt år, og opnar for 70 veker med foreldrepengar med 70 prosent kompensasjon.
  7. Betre balanse mellom arbeid og familietid: Elleve av tolv medlemmer føreslår eit forsøk med redusert arbeidstid for småbarnsforeldre.