Engasjement som driver for endring og innovasjon

Rune Bjerke

Rune Bjerke (f. 1960 ) er næringslivsleiar, samfunnsøkonom og tidlegare politikar.

Bjerke er utdanna ved Universitetet i Oslo og Harvard University. Han var politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, partisekretær i Oslo Arbeiderparti og finansbyråd i Oslo kommune, før han gjekk til næringslivet som direktør i Aker Sement AS, Scancem International og Hafslund ASA.

Bjerke var konsernsjef i DNB frå 2007 til august 2019.

Han er og har vore styremedlem eller –leiar i ei rekkje selskap, m.a. Storebrand ASA, Tryg forsikring, Norsk Hydro og Vipps.

Gå til førelesingas Facebook event

Høgskolens far

Statsråd Kristofer Lehmkuhl (1855-1949) var ein utrøytteleg forkjempar for Noregs handelshøgskole. Kanskje meir enn nokon annan har han æra for at NHH vart oppretta, og heilt til han døydde følgde han verksemda med aldri sviktande interesse. Han er derfor med rette blitt kalla "høgskolens far".

NHH heidrar Kristofer Lehmkuhls minne ved å knytte namnet hans til ei årleg førelesing for studentar, fagstab og inviterte gjester. Førelesinga vert halde så nær Lehmkuhls fødselsdag den 25. september som råd.

Lehmkuhl vart utnemnt til arbeidsminister i Chr. Michelsens regjering i 1905. I perioden 1908 til 1936 var han direktør for Det Bergenske Dampskipsselskap.

I 1965 vart det reist en statue til hans minne ved NHH. Statuen står med blikket vend innover mot sentrum av Bergen, der seglskuta som ber namnet hans har heimehamna si.

TIDLIGARE LEHMKUHLFØRELESINGAR