Challenge Nørdic – akademia, språk og samfunn

Om  arrangementet

I 2018 vekte NTNU reaksjonar med kampanjen «Challenge everything». Mange heva augebryna da eit norsk universitet reklamerte på engelsk i Noreg. Somme meinte det var uheldig at ein reklameinspirert bodskap på engelsk hadde funne vegen til akademia, andre meinte det var nødvendig med eit spissa slagord på engelsk for å nå fram til unge og internasjonale studentar.

Men språkvala til universiteta og høgskulane gjeld meir enn éin enkelt kampanje. I høgare utdanning går bruken av norsk ned, medan engelsk blir meir og meir brukt i både masteroppgåver, undervising og forsking. Samtidig har utdanningssektoren eit lovpålagt ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk.

Korleis kan universitet og høgskular oppnå ein god balanse mellom engelsk og norsk? Kvifor treng vi eit norsk fagspråk? Og kven er eigentleg akademia til for? Desse spørsmåla ynskjer Språkrådet å diskutere saman med studentar, politikarar og representantar frå utdanningssektoren.

Les mer på Arendalsuka.no

Medvirkende

Øystein Thøgersen, Rektor, Norges Handelshøyskole

Åse Wetås, direktør, Språkrådet

Bjarne Foss, prorektor, NTNU

Dag Rune Olsen, styreleiar, UH-rådet

Marte Øien, leiar, NSO

Jens Kihl, debattleiar

Arendalsuka.png