Åpen dag 14. februar 2022

Meld deg på opendag.no

Høgskulane, universitetet og Utdanning i Bergen inviterer til Åpen dag i Bergen slik at du som skal finne ut kva du har lyst til å studere, kan få ein smakebit på kva utdanningane går ut på.

Program på NHH

Vi utdannar framtidas økonomar: Kva går studiet ut på – og passar det for deg?
Professor Stig Tenold (prorektor for utdanning)

Kva er det eigentleg med oss forbrukarar? Stoler vi ikkje på berekraftige produkt
Førsteamanuensis Siv Skard (forbrukerekspert)

Korleis kan digital teknologi skape konkurransefortrinn?
Førsteamanuensis Eirik Sjåholm Knudsen (strategiguru)

Frå elev til student: Livet som NHH-student og kva eg gjerne skulle visst som vgs-elev 
Silje Farstad Moe og Nathaniel Joshua Karunairasah (NHH-studentar og framtidas økonomar)

Spennande jobbmoglegheiter etter studia
Olav Slettebø, makroøkonom og seniorrådgivar i Statistisk Sentralbyrå / Ruth Jensen, konsulent i AVO

NHHS – Norges beste studentmiljø
Treff studentar og finn ut kva studentgrupper du kan engasjere deg i under studia. I tillegg blir det moglegheit for omvising.

For påmelding, gå til opendag.no

Du får lunsj (gratis).

Kan du ikkje komme mandag 14. februar? Vi arrangerar same program lørdag 12. februar.

Les meir om bachelorstudiet ved NHH

Sjå video frå Åpen dag på NHH 2019:

REISESTIPEND FOR laurdag 12. FEBRUAR

Bur du utanfor Vestland og har vanskar med å besøke oss måndag 14. februar? Då har vi også Åpen dag laurdag 12. februar, og du kan søkje på reisestipend. Du må gå på videregåande eller har fullført videregåande, har teke matematikk R1 eller S1 og S2, og har gode karakterar. Gå til søknadsskjema for å fylle ut søknad.

NHH - FOR DEG SOM VIL NOKO MEIR!