Opptak master i rekneskap og revisjon, toårig løp

Opptak master i rekneskap og revisjon, toårig løp

Det er opptak til masterstudiet i rekneskap og revisjon kvar haust.

Slik søker du

!

Søknadsfristen er 15. februar

Søk opptak her frå 1. november (Søknadsweb)

Søknadsweb er no stengt for søknadar til hausten 2024. Det åpnast opp for søknadar til hausten 2025 den 1.11.2024. 

  • All kommunikasjon mellom deg og seksjon for opptak vil gå føre seg via e-post. Du må derfor sørge for å bruke ei e-postadresse som fungerer og sjekke denne med jamne mellomrom. Legg til opptak@nhh.no i e-postsystemet ditt for å unngå at viktig informasjon frå oss hamnar i søppelfilteret. Det er ditt eige ansvar å lese og følge opp alle e-postar frå oss.
  • Vel Mastergradsstudier i hovudmenyen og klikk på Søk ved alternativet Masteropptak MØA og MRR toårig høst 2024. Vel søknadsalternativ 1400 Master i rekneskap og revisjon. Du kan velje å føre opp berre dette søknadsalternativet, eller du kan velje å setje opp 1500 Master i økonomi og administrasjon som søknadsalternativ to. Du kan endre prioritet mellom masterprogramma fram til søknadsfristen 15. februar. 

krav til dokumentasjon

Oversikt over søkeprosessen og viktige fristar

Opptakskrav

Krav til bachelorgrad

Du må ha fullført ei av desse to bachelorgradane seinast semesteret før studiestart:

  • Bachelorgrad i økonomi og administrasjon (BØA)/fireårig siviløkonomgrad
  • Bachelorgrad i rekneskap og revisjon (BRR) med bestått revisoreksamen (C i kvar av revisoreksamenane)

Søkarar med andre typar bachelorgrader, inkludert utanlandske, kan også søke opptak til toårig løp på master i rekneskap og revisjon dersom dei fyller følgande fagkrav:

Metodefag: minst 20 studiepoeng, maksimalt 30

  • Matematikk for økonomar
  • Statistikk for økonomar
  • Samfunnsvitskapeleg metode

Samfunnsøkonomi: minst 15 studiepoeng, maksimalt 30

  • Makroøkonomi
  • Mikroøkonomi

Bedriftsøkonomisk analyse: minst 30 studiepoeng, maksimalt 45

  • Finansrekneskap
  • Økonomistyring
  • Investeringsanalyse og finansiering

Administrasjonsfag: minst 30 studiepoeng, maksimalt 45

  • Marknadsføring
  • Organisasjonsteori og leiing
  • Foretaksstrategi

Etikk, samfunnsansvar og bærekraft: minst 7,5 studiepoeng, maksimalt 15

Dersom du har utanlandsk bachelorgrad, må du i tillegg ta enten GMAT- eller GRE-testen. Minimumspoengsum for å bli vurdert er:

  • GMAT: ein totalsum på 600 poeng
  • GRE: 152 poeng på den kvantitative delen

Testresultatet må vere frå dei fem siste åra og må vere tilgjengeleg for NHH i testdatabasen innan 15. februar for å vere gyldige.

Nokre få søkarar med utanlandsk grad er fritatt frå GMAT-/GRE-kravet. Les meir om fritak frå GMAT-/GRE-kravet her.

Søkarar med den gamle fireårige siviløkonomgraden kan også søke opptak til toårig løp.

Norsk- og engelskkrav

Rangering av søkarar

Sjølv om du fyller opptakskrava, er du ikkje garantert å få tilbod om opptak. Søkarane vert i tillegg rangert etter karaktergjennomsnittet av dei norske studiepoenga sine. Omrekning av bokstavkarakterar skjer på følgande måte: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1.

Utrekning av karaktergjennomsnitt:

  • Vi reknar karaktergjennomsnittet av maksimalt 180 studiepoeng. Dersom talet på studiepoeng ikkje kan summerast til nøyaktig 180, reknar vi av det næraste mogelege talet over 180. Karakterar i emne som fyller fagkrav vert alltid rekna med. 
  • Resultat frå vårsemesteret 2024 og resultat frå utveksling vert ikkje rekna inn i karaktergjennomsnittet. 
  • Dersom du etter haustsemesteret 2023 har færre enn 120 norske studiepoeng med bokstavkarakterar, kan du få avslag på søknaden. Dersom du har hatt ein studieprogresjon som samsvarar med den normerte for det aktuelle studiet, kan det gjerast unntak frå kravet om 120 norske studiepoeng med bokstavkarakterar. 

For alle søkarar som fullfører graden og/eller som tek eksamen i emne vårsemesteret 2024 som er med å fylle fagkrav vil eit eventuelt tilbod vere betinga. Søkarar som står igjen med meir enn 30 studiepoeng våren 2024 kan få ein ekstra betingelse utover å fullføre graden / fylle fagkrav.

Dersom du har resultat frå andre norske karaktersystem enn bokstavsystemet, vil du få søknaden individuelt vurdert.

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no

KARAKTERGRENSE MRR toårig SISTE TRE ÅR

  • 2023

    2023

    Hovudopptak: 3,83

    Ingen supplering

  • 2022

    2022

    Hovudopptak: 3,79

    Ingen supplering

  • 2021

    2021

    Hovudopptak: 3,84

    Ingen supplering