Innpass av eksterne emne

Innpass av eksterne emne

Dersom du har emne frå andre lærestadar, kan du søke om å få dei innpassa i graden din ved NHH.

 

!

Søkeperioder:

1. august - 1. september i haustsemesteret

2. januar - 1. februar i vårsemesteret

Vi rår deg til å søke innpass så tidleg som mogeleg etter at du har starta på NHH, gjerne allereie i første semester. Du kan søke innpass for alle emne i studiet på ein gong; du treng ikkje vente til det semesteret NHH-emnet undervisast etter normert studieplan.

Søkeportal

Søkeportalen er no stengd for søknadar for våren 2024. Det vert høve til å søke igjen frå 1. august 2024. 

SJÅ INNSENDE SØKNADAR

All kommunikasjon i samband med søknaden din vil skje i Studentweb. Du får svar på søknaden i den digitale postkassa di.

Krav til dokumentasjon

Du må dokumentere følgande i søknaden:

  1. Resultatutveksling/karakterutskrift: NHH har resultatutveksling med dei fleste lærestadane i Noreg. Du kan sjå kva resultat vi har tilgang til under "Min profil" i Studentweb. Dersom du har utdanning frå ein lærestad som tillèt resultatutveksling, treng du ikkje laste opp karakterutskrift/vitnemål.

    Dersom du har utdanning frå BI eller utlandet, må du laste opp ein digitaltsignert karakterutskrift frå Vitnemålsportalen eller ein offisiell karakterutskrift med stempel og underskrift. Utskrifter frå studentportal på nett er ikkje gyldige.

  2. Emneomtale: Alle søknadar må innehalde ein offisiell emneomtale inkludert pensumoversikt, samt gjerne forelesings-/emneplan. Merk at det må gå fram av emneomtalen at den gjeld for akkurat det semesteret du tok emnet. Emneomtalen kan vere ein direkte link til lærestaden si heimeside eller ei vedlagt PDF-fil.

Merk at alle dokument må vere i PDF-format. Andre format, samt dokument som inneheld «+», «/», «?» og tilsvarande teikn i filnamnet kan ikkje opnast.

Dersom du skal ettersende dokumentasjon, loggar du inn i Studentweb, vel den aktuelle søknaden og trykker "ettersend". 

 Du er sjølv ansvarleg for at søknaden du sender inn er komplett.

Kva emne kan innpassast?

Emnet du ønsker innpassa må fylle tre krav:

  1. Det må ha same omfang (studiepoeng)som NHH-emnet du søker innpass for.
  2. Det må vere på same nivå (bachelor/master) som NHH-emnet du søker innpass for.
  3. Det må ha same innhald/læringsutbytte som NHH-emnet du søker innpass for

Liste over tidlegare vurderingar av innpass ( 835 KB)

Søkeprosessen

  • Du må sende inn éin søknad for kvart NHH-emne du ønsker innpass for. Du kan slå saman fleire eksterne emne i same søknad dersom dei dekker ulike delar av innhaldet i NHH-emnet.
  • Merk at du ikkje kan få innpass dersom du har eit bestått resultat i NHH-emnet frå før. 
  • Ver merksam på at du berre kan få innpass for eitt eksternt emne éin gong, uavhengig av talet på studiepoeng. Dersom du brukar det same eksterne emnet i fleire søknadar, vil sakshandsaminga av alle søknadane dine ta lenger tid. Dersom du får avslag på ein søknad eitt semester, kan du bruke det same eksterne emnet igjen i ein annan søknad neste semester.
  • Dersom der manglar noko i søknaden, vil du få melding om det. Du ettersender dokumentasjon i Studentweb.
  • Du kan følge med på statusen på søknaden din i Studentweb. Så snart søknaden har fått status "Under behandling" i Studentweb, kan du sende melding til sakshandsamaren frå Studentweb, dersom du har behov for det. 
  • Dersom du søker innpass for eit emne det undervisast i same semesteret, bør du undervisnings- og vurderingsmelde deg både i emnet du søker innpass for og emnet du eventuelt ønsker å erstatte det med. Det kan ta tid å få svar på søknaden, og du må vere budd på å ta eksamen i tilfelle avslag.

Svar på søknaden

Du får normalt svar på søknaden innan ein månad etter søknadsfristen. Dersom han krev fagleg vurdering, må du rekne med lenger svarfrist. Du får svar på søknaden i di digitale postkasse. Om du ikkje har oppretta digital postkasse, får du brev i posten. Når søknaden er behandla ferdig, vil han få status som "Avslutta" i Studentweb. 

Fekk du søknaden innvilga?

Hugs å melde deg av eksamen i emnet innan trekkfristen. Dersom trekkfristen er gått ut før du har fått svar på søknaden, ta kontakt med opptak@nhh.no så hjelper vi deg.

Merk at innpassa emne ikkje vil telje som studieprogresjonen på NHH. Du må sjølv passe på at du følgjer minstekrava til studieprogresjon for å ikkje miste studieretten, jf. Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, § 2-5. 

Emne som er innpassa i graden ved NHH vil ikkje gå fram av foreløpige karakterutskrifter. På vitnemålet vil emnet stå som «innpassa» på norsk og «recognized» på engelsk. Dersom du ønsker å dokumentere karakteren din i emnet, må du legge fram ei karakterutskrift frå lærestaden.