Kjenner du nokon som skal studere til hausten?

Av Astri Kamsvåg, prosjektleiar Åpen dag på NHH

14. januar 2020 12:26

Kjenner du nokon som skal studere til hausten?

For tredje gong inviterer NHH potensielle studentar til Åpen dag saman med Utdanning i Bergen og dei andre høgskulane i byen og universitetet. I år går Åpen dag over tre dagar: laurdag 8. februar, søndag 9. februar og måndag 10. februar. Tips gjerne ungdommane du kjenner om at dei kan delta!

Desse utdanningsstadane samarbeider om Åpen dag 2020.
Desse utdanningsstadane samarbeider om Åpen dag 2020.

Videoen er frå Åpen dag 2019.

Nytt i år er at heile åtte utdanningsinstitusjonar er med. 

I fjor meldte meir enn 300 ungdommar i alderen 18-20 seg på arrangementa på NHH. I år håper vi det blir enda fleire!

Vil du tipse?

Ønsker du i bidra til at mange kjem på Åpen dag på NHH? Del gjerne arrangementet i sosiale medier eller tips om opendag.no til dei du tenker kan ha nytte og glede av å bli betre kjent med oss - eller til foreldra deira.

Laurdag 8. februar: Åpen dag - for tilreisande 
Denne dagen er først og fremst for tilreisande frå andre fylke og for elevar på videregåande som ikkje får gyldig fråvær på hovuddagen, som er mandag. Program laurdag alle utdanningsinstitusjonane

Søndag 9. februar: Åpen dag – studieklar 
Søndagen handlar om det å vere student. Ungdommane får informasjon om opptak, studentlivet, studieteknikk, studier i utlandet og karrieremoglegheiter i vestlandsregionen. Det er òg eigne foredrag for foreldre. Hilde Rusten ved Seksjon for internasjonale relasjoner held innlegget Studier i utlandet. Program søndag på Studentsenteret i Bergen

Måndag 10. februar: Åpen dag – student for ein dag
Gjestane får prøve seg som student for ein dag på campus. Dei møter både forelesarar og studentar, er med på miniforelesinger og omvisning på campus. 

Reisetid og lunsjpause er lagt inn i programmet, slik at ungdommane kan besøke inntil tre studiestader i løpet av dagen. Foreldre og lærarar kan sjølvsagt òg delta. Program måndag alle utdanningsinstitusjonane

Åpen dag 2020 plakat liggende_bilde_650.jpg

Program Åpen dag på NHH på opendag.no

Kontakt

Har du spørsmål om Åpen dag? Kontakt prosjektleiar Astri Kamsvåg på Kommunikasjons- og marknadsavdelinga.

Fleire interne nyheiter