Nytt casebibliotek

Av Astri Kamsvåg

21. oktober 2019 13:06

Nytt casebibliotek

NHH har no samla ei rekke case som tilsette kan nytte i undervisninga, i bedriftsinterne kurs eller seminar. Har du ein case liggande som kan inngå i casebiblioteket? Kontakt NHH Executive snarast - det er dei som forvaltar biblioteket.

Inger Stensaker
Inger Stensaker

Casane er utvikla i samarbeid med norske og internasjonale bedrifter.

Casebiblioteket skal vere ein ressurs for førelesarar både ved NHHE og ved NHH generelt. Casane skal vere tilgjengelege for all undervisning.

- Først og fremst ser vi på casebiblioteket som ein pedagogisk ressurs som kan gjere undervisninga ved NHHE og NHH enno meir attraktiv, seier professor Inger Stensaker som har det faglege ansvaret for casebiblioteket.

Lone Haugsvær
Lone Haugsvær

- Biblioteket inneheld ei rekkje case som er relevante for norske og internasjonale studentar med interesse for forretningslivet i Noreg. Det finst i dag ikkje gode norske eller norskbaserte case vi kan bruke i undervisninga. Sjølv om det finst mange gode internasjonale case, vil det vere verdifullt å også kunne tilby norskbaserte case som eit viktig supplement ved NHH, meiner Inger.

Ein bieffekt kan vere at relasjonen til næringslivspartnarane våre blir styrkt.

- Ved at vi viser interesse for forretningsverksemda deira og bruker dei som døme i undervisninga vår, vil studentane våre få inngåande kjennskap til selskapa casane handlar om.

- Hensikta med nyetableringa er å auke kvaliteten og relevansen i undervisninga ved NHHE og NHH generelt, seier Inger.

Byggast ut etter kvart

No inneheld biblioteket 14 case, dei fleste på norsk og nokre på engelsk. Casebiblioteket skal utviklast vidare etterkvart.

Kontakt

Kontakt Lone Haugsvær dersom du har case du vil ha inn i casebiblioteket eller ønskjer å bruke eit case i undervisninga di. 

Casebiblioteket på nhh.no

Fleire interne nyheiter