Bli med inn på byggeplassen

Av Astri Kamsvåg

24. oktober 2019 13:52

Bli med inn på byggeplassen

Det går framover med rehabiliteringa av NHH! Bli med inn på byggeplassen og få eit glimt av det som foregår på innsida. Rehabiliteringa skal etter planen vere ferdig i januar 2021.

Rivingsarbeidet i lavblokka er ferdig, og oppbygginga har starta både i underetasjen (aktivitetsbaserte arbeidsplassar for tilsette og kontor for NHHS) og i første etasje (auditorium).

I høgblokka er rivingsarbeidet snart avslutta, det gjenstår berre litt i første og andre etasje. 

Monteringa av tekniske installasjonar er påbegynt frå niande etasje og nerover.

Samlesida for rehabiliteringsprosjektet

Fleire interne nyheiter