Kva er eksistenserklæringa på morsmålet ditt?

Av Astri Kamsvåg

27. november 2019 09:55

(oppdatert: 27. november 2019 10:08)

Kva er eksistenserklæringa på morsmålet ditt?

Arbeidet med å skape eigarskap til den nye eksistenserklæringa vår blant tilsette held fram. 14 kollegaer frå ulike land har tatt utfordringa om å omsetje eksistenserklæringa til sitt eige morsmål. Videoen viser det språklege mangfaldet på arbeidsplassen vår. Til saman er det vi som er NHH.

Samtlege 14 brukte nokre minutt til å tenke seg om før dei landa på korleis dei vil seie eksistenserklæringa på morsmålet sitt. Dei vurderte ulike alternativ, sjekka ordbøker og googla før dei fann den beste omsetjinga.

Vi lærer best på morsmålet vårt, viser forsking. Vi hugsar lettare og tar raskare til oss  det vi lærer på vårt eige språk. Slik er det òg når det gjeld den nye eksistenserklæringa. 

Det finst langt fleire språk blant kollegaene våre enn dei som er med i denne videoen. 

Kan du eksistenserklæringa? Del 3

Eit nytt knippe tilsette har prøvd seg på å seie eksistenserklæringa vår (mission statementet). Her ser du korleis det gjekk. Kan du ho?

Kan du eksistenserklæringa? Del 2

Tilsette ved NHH er i full sving med å lære seg den nye eksistenserklæringa vår. Kva er status no, halvanna veke at resultatet av avstemminga blei klart? Og korleis ligg du sjølv an?

Kva er eksistenserklæringa vår?

I førre veke fekk NHH ny eksistenserklæring. Vi spurte eit knippe nøkkelpersonar blant dei tilsette om å seie eksistenserklæringa. I videoen får du svara vi fekk. Kva med deg - kan du ho?

Saman for berekraftig verdiskaping

Organisasjonen har no stemt fram NHHs nye eksistenserklæring ('mission statement'), og vi har ein klar vinnar. Som vi hugsar hadde vi fire alternativ å velje mellom basert på innspill frå tilsette, studentar og styret.

Stem på NHH sin eksistenserklæring

Av listen med mange gode forslag til ny 'mission statemens' for NHH, sitter vi nå igjen med fire forslag. Forslagene er jobbet fram av ansatte, studenter og styret i løpet av de siste ti månedene. Hvilket forslag liker du best? Stem på favoritten din her.

NHHs eksistenserklæring

- Dette var veldig nyttig! Vi er utan tvil eit stort steg nærare å formulere NHHs eksistenserklæring, seier viserektor Linda Nøstbakken etter gårsdagens gruppearbeid der 35 dedikerte tilsette og studentar deltok.

Fleire interne nyheiter