Stein Ivar Steinshamn 60 år

Av Leif Sandal og Jarle Møen

15. mars 2019 09:21

Stein Ivar Steinshamn 60 år

Professor Stein Ivar Steinshamn ved Institutt for foretaksøkonomi fyller 60 år fredag 15. mars. Han har publisert nærare 50 forskingsarbeid i internasjonale tidsskrift og bøker. Vennar og kollegaer ved SNF og NHH ønsker jubilanten til lykke med dagen!

Stein Ivar Steinshamn er fødd og oppvaksen i Ålesund. Han er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Bergen i 1987 og tok doktorgrad i fiskeriøkonomi på Noregs Handelshøgskole i 1992.

 

Stein Ivar starta yrkeslivet sitt som forskingsassistent ved UiB og blei deretter tilsett ved Senter for anvendt forsking. I 1988 blei han stipendiat på NHH. I løpet av doktorgradsstudiet hadde han eit opphald ved University of British Columbia, og etter å ha fullført avhandlinga si byrja han som forskar ved SNF Samfunns- og næringslivsforsking. Der leia han ein periode Senter for fiskeriøkonomi.

 

 I 2007 blei han leiar for programområdet Energi, naturressursar og miljø. Samstundes var han professor II ved Institutt for foretaksøkonomi på NHH. I 2012 gjekk han over til NHH på fulltid, men fortsette som programleiar ved SNF.

 

Stein Ivar sitt forskingsfelt er miljø- og ressursøkonomi med vekt på optimal forvalting av fornybare og ikkje-fornybare ressursar. Han har spesielt jobba med bioøkonomi og modellering av dyrepopulasjonar og økosystemtenester. Stein Ivar har publisert nærare 50 forskingsarbeid i internasjonale tidsskrift og bøker. Han har òg leia ei rekkje nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, og arrangert fleire svært vellykka internasjonale konferansar.

 

Stein Ivar er ein likandes kar, lun og med utprega humoristisk sans. Familiemannen Stein Ivar har hytte på Sunnmøre. Han har sans for det gode i livet og interesserer seg både for vin, god mat og kattemjuke bilar.

 

Vennar og kollegaer ved SNF og NHH ønsker jubilanten til lykke med dagen.

FLERE INTERNE NYHETER