Nytt reklamebyrå

Av Liv Mari Bakke

28. mars 2019 13:30

Nytt reklamebyrå

NHH har inngått rammeavtale med nytt reklamebyrå, Anorak. Byrået skal bidra til å styrke NHH si merkevare og posisjon som leiande handelshøgskule.

Logo Anorak
NHH har inngått ny rammeavtale med det oslobaserte reklamebyrået Anorak.

Anorak vann anbodskonkurransen om å levere reklamebyråtenester til NHH, og tar dermed over etter Oktan og Reine Linjer.

Den nye avtalen har verknad frå 1. april. 

Avtalen omfattar merkevare- og strategisk rådgjeving, utvikling av kampanjar, forvalting av NHH sin visuelle profil, og design og produksjon av materiell.

Kommunikasjons- og marknadsavdelinga er ansvarleg for kontrakten, og vil også vere byrået sin hovudkontakt på NHH. 

Organisering på NHH

I ein stadig meir konkurranseutsett marknad er det svært viktig at NHH står fram som ein tydeleg aktør, med eit konsistent uttrykk i tråd med NHH sin visuelle profil.

Dette inneber at alle som skal arrangere konferansar eller produsere materiell til eksternt bruk i andre samanhengar, skal gjere dette i samarbeid med kommunikasjons- og marknadsavdelinga. Ta kontakt så tidleg som råd i prosessen. 

Kontakt

Konst. Kommunikasjons- og marknadssjef Sigrid Folkestad
Rådgjevar Liv Mari Bakke

Fleire interne nyheiter