Kurt-Rune Bergset til Utdanningskvalitet

21. mars 2019 11:54

(oppdatert: 21. mars 2019 11:55)

Kurt-Rune Bergset til Utdanningskvalitet

Kurt-Rune Bergset er tilsett i ei mellombels stilling som seniorkonsulent på Seksjon for utdanningskvalitet i Studieadministrativ avdeling. Vikariatet går ut 2019, og han har overtatt ein del av oppgåvene etter Marte Bjerke Roska som ikke arbeider på NHH lenger.

Kurt-Rune Berseth skal arbeide på Seksjon for utdanningskvalitet ut 2019.
Kurt-Rune Berseth skal arbeide på Seksjon for utdanningskvalitet ut 2019.

Kurt-Rune Bergset skal ha ansvar for kurstilbod, jobbe opp mot programansvarleg på MØA og MRR i tillegg til andre oppgåver knytt til mellom anna styringsdata/rapportering.

- Eg har jobba på UiB sidan eg leverte masteroppgåva mi, så det er spennande å bli kjend med eit heilt nytt miljø på prestisjeskulen med alle dei utprega fornøgde studentane i Sandviken. Arbeidsmiljøet verkar svært imøtekommande og ope, noko som gjer at eg særleg ser fram til å jobbe med koordineringsarbeidet i stillinga. Samtidig får eg også i periodar grave meg litt ned i tørre analysar og rapportar, så då seier eg meg godt nøgd, forklarer Kurt-Rune.

Bakgrunn  

Kurt-Rune er utdanna statsvitar, med bachelorgrad i europastudiar og mastergrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, inklusive eit utvekslingsopphald i Kraków og eit halvår som praktikant ved ambassaden i Haag.

Kurt-Rune kjem frå ei stipendiatstilling ved UiB. Før det var han tilsett som assistent på Institutt for samanliknande politikk. På instituttet hadde han både administrative oppgåver, m.a. som emnekoordinator for ex.fac., metode og arbeidslivspraksis, samt ein del meir tradisjonelle 'vit.ass.-oppgåver' (forefallande, koding, revisjonar, osb).

Med undervisningserfaring både som undervisningsassistent mens han var masterstudent og frå stipendiatstillinga har han kjennskap til høgare utdanning frå både studentsida, administrasjonssida og som fagtilsett.

Les meir om Seksjon for utdanningskvalitet

Fleire interne nyheiter