Kommunikasjons- og marknadsavdelinga nett no

Bak fra venstre: Sigrid Grøm Bakken, Hildegunn Strømmen, Sigrid Folkestad, Liv Mari Bakke, Astri Kamsvåg. Foran fra venstre: Ingrid Aarseth Johannessen, Hallvard Lyssand og Randi Melheim.
Bak fra venstre: Sigrid Grøm Bakken, Hildegunn Strømmen, Sigrid Folkestad, Liv Mari Bakke, Astri Kamsvåg. Foran fra venstre: Ingrid Aarseth Johannessen, Hallvard Lyssand og Randi Melheim.
Av Astri Kamsvåg

21. mars 2019 11:49

Kommunikasjons- og marknadsavdelinga nett no

Kommunikasjons- og marknadssjef Kristin Risvand Mo har nyleg slutta på NHH, og seniorrådgivar Sigrid Folkestad er konstituert i stillinga inntil vidare. Mediekontakt Øyvind Torvund slutta i haust, og stillinga er no lyst ut.

Sigrid Folkestad er fungerande kommunikasjons- og marknadssjef no.
Sigrid Folkestad er fungerande kommunikasjons- og marknadssjef no.

Webmaster Aldin Hasanovic arbeider heller ikkje på NHH lenger, så det er store endringar på avdelinga for tida.

Sigrid Folkstad er utdanna medievitar og har bakgrunn som journalist. Ho har vore på NHH sidan 2006.

Sigrid Grøm Bakken, Ingrid Aarseth Johannessen og Hildegunn Strømmen er vikarar på avdelinga. Sigrid B. har allereie vore her sidan hausten 2018, mens Ingrid og Hildegunn starta nyleg. Her er meir informasjon om dei tre førstekonsulentane.

Sigrid Grøm Bakken er mediekontakt.
Sigrid Grøm Bakken er mediekontakt.

Mediekontakt Sigrid Grøm Bakken

Periode: ut juni 2019

Sigrid Grøm Bakken sine oppgåver er mediekontakt- og rådgiving, presseinnsalg, skriving av forskingsartiklar og studenthistorier, produksjon av videoar og bidra til gjennomføring av arrangement.

Ho er utdanna journalist og har bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå NHH. Ho erstattar Øyvind Torvund. 

– I stillinga kombinerer eg kompetansen frå dei to gradane mine. Eg liker høgt tempo i kvardagen og å bryne meg på nye utfordringar. Eg er i tillegg ekstremt resultatorientert og likar å jobbe kreativt – og såleis passar denne jobben meg perfekt, seier Sigrid Grøm Bakken.

– Eg synes det er spennande å utfordre etablerte linjer, bidra med nye strategiar og hjelpe organisasjonar å bli meir synleg og å vokse. I min jobb på NHH, får eg bidra til nettopp det, seier ho.

Sigrid har jobba i media- og kommunikasjonsbransjen i  inn- og utland, sidan ho starta på høgare utdanning i 2012.

Ho starta som journalist i NRK, og har seinare jobba som frilanser. Sigrid har òg vore intern i det tyrkiske nyheitsbyrået IHA News i Washington D.C, PR- og kommunikasjonsbyrået Gambit Hill + Knowlton Strategies og ved Noregs delegasjon til EU i Brussel.

Ved sidan av studia har Sigrid vore aktiv i studentmiljøet i Bergen, mellom anna som leiar av Norsk Journalistlag sitt studentlag i Bergen og i ulike verv i NHHS. 

Ingrid Aarseth Johannessen arbeider som innhaldsprodusent.
Ingrid Aarseth Johannessen arbeider som innhaldsprodusent.

Innhaldsprodusent Ingrid Johannessen

Periode: ut 2019

Ingrid Aarseth Johannessen skal arbeide med mediekontakt og forskingskommunikasjon. 

- Det er utrolig mykje som er spennande med denne stillinga, men om eg skal trekke ut noko vil eg vektlegge forskingskommunikasjon og kontakten med media. Eg har stor interesse for forsking, og er opptatt av at forsking skal formidlast og vere ein sentral del av samfunnsdebatten, seier Ingrid.

Ho skal arbeide med mediekontakt og presseinnsalg, skriving av forskingsartiklar og studenthistorier, produksjon av videoar og bidra til gjennomføring av arrangement.

Ingrid har tidlegare arbeidd med kommunikasjon ved Bymiljøetaten, Universitetet i Bergen og Konkurransetilsynet. Ho har mastergrad i medievitskap frå Universitetet i Bergen, og har spesialisert seg på unge jenter sin bruk og erfaringar med bildedelingstjenesten Instagram.

Hildegunn vikarierer som webmaster.
Hildegunn vikarierer som webmaster.

Webmaster Hildegunn Strømmen 

Periode: ut 2019

Som webmaster har Hildegunn Strømmen teknisk ansvar for nettsidene til NHH. Ho skal òg teste og utvikle sidene, vere i kontakt med IT og ekstern leverandør, sikre kvalitet på søk og vere nettrådgivar overfor NHH-tilsette.

- Eg ser fram til å jobbe ved kommunikasjons- og markedsavdelinga til NHH. Eg trur det vil bli hektiske og lærerike dagar med utfordrande oppgåver.

- Det blir spennande å vere med å vidareutvikle nhh.no, og kontinuerleg jobbe med å gjere brukaropplevinga best mogleg for alle som besøker nettsidene. Eg gler meg til å jobbe i eit kreativt miljø der ingen dagar er like, seier Hildegrunn Strømmen.

Denne stillinga hadde Aldin tidlegare.

Hildegunn har ein variert bakgrunn innan web, design og digital kommunikasjon. Ho har bachelorgrad i informasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen (2008).

- Eg er veldig opptatt av brukaroppleving og tenestedesign. Å utforske brukaren sin prosess for å finne den riktige løysinga og på den måten skape ei positiv kundeoppleving, fortel Hildegunn.

Sidan 2015 har Hildegunn arbeidd som designar og marknadskoordinator hos Amundsen Brands, med ansvar for merkevarene Roald Amundsen Skincare og Amundsen Nutrition. Her arbeidde ho med produktdesign og merkevarebygging.

Les meir om avdelinga på nhh.no

Fleire interne nyheiter