Nominer kandidatar til Lehmkuhlstipendet 2019

Av Astri Inga Kamsvåg

27. juni 2019 10:39

Nominer kandidatar til Lehmkuhlstipendet 2019

Har du gode masterstudentar som skriv oppgåve som handlar om eller bidrar til innovasjon og entreprenørskap? Då kan du nominere dei til Lehmkuhlstipendet. Fristen for å nominere er 31. august, og stipendet er på 25.000 kroner.

Christian Braathen fekk Lehmkuhlstipendet i 2018 for masteroppgåva si.
Christian Braathen fekk Lehmkuhlstipendet i 2018 for masteroppgåva si.

Du kan nominere studentar som leverte masteroppgåva hausten 2018 eller vårsemesteret 2019.

INNOVASJON OG ENTREPRENØRSKAP

Stipendet skal enten gis for ei masteroppgåve eller for ein forretningside lansert på andre måtar.

Dersom stipendet blir gitt for ei masteroppgåve, er den faglege kvaliteten på oppgåva viktig. Oppgåva skal direkte eller indirekte bidra til nyskaping. Bidraget kan vere knytt til nye produkt, tenestar eller forretningsmodellar. Alle oppgåver som handlar om innovasjon eller entreprenørskap, kan i utgangspunktet være kandidat til stipendet.

Det er Kristofer Lehmkuhls Fond for Fremme av Norsk Næringsliv som tildeler stipendet. 

Stort spenn

Utdelingane var suspendert nokre år fordi det var vanskeleg å finne kandidatar. I 2018 tok fondet opp igjen ordninga, og då var det tre nominerte oppgåver.

- Spennet på oppgåvene var stort, frå utvikling av ein konkret forretningsidé basert på matematiske modeller for personellplanlegging, til oppgåver om verdsetjing av oppstartbedrifter og implikasjonar av innovasjon for arbeidstakarar, seier Endre Bjørndal, programleiar for masterstudiet. Han sit i komiteen som kårar vinnaren.

- Masterprofilen New Business Development (NBD) blei sett i gong i 2018. Det er ikkje så mange av studentane som vel NBD som hovudprofil, men fleire av kursa i profilen er populære. Denne våren har profilen fått eit nytt kurs om Platform-based Business Models. Vi har også introdusert sommarkurset Business Model Innovation for Entrepreneurs, som er retta mot internasjonale studentar, fortel Endre.

I 2017 starta NHH opp Innovation School i samarbeid med UC Berkely, og i tillegg har vi Gründerskolen som er populær blant studentane.

nyttig og relevant

I 2018 var det Christian Braathen som fekk Lehmkuhlstipendet for masteroppgåva 'Modeling the Norwegian Working Environment Act and Shift-Schedule Preferences Using Mathematical Programming'. Komiteen grunnga tildelinga til slik:

"Denne masteroppgåva er eit framifrå døme på at forskingsarbeid ved NHH kan være nyttig, relevant, og bidra til nyskaping".

Komiteen

Komiteen som skal kåre vinnaren, består av
- Aksel Mjøs, førsteamanuensis ved Institutt for finans
- Bram Timmermans, førsteamanuensis ved Institutt for strategi og leiing
- Endre Bjørndal, programleiar for masterstudiet i økonomi og administrasjon
- Therese Sverdrup, prorektor for nyskapning og utviklingsarbeid

Nominer seinast 31. august

Send masteroppgåva og ei grunngjeving for nominasjonen til endre.bjorndal@nhh.no.

Stipendet blir overrekt i samband med Lehmkuhlforelesinga 26. september 2019.

Les retningslinjene for Lehmkuhlstipendet

Les om fjorårets vinnar, Christian Braathen:

– Det har vore litt av eit år

Christian Braathen har jobba uhørt mykje. Gründeren har levert masteroppgåve og lansert arbeidsplanen.no. No påskjønner NHH han med Lehmkuhlstipendet.

Fleire interne nyheiter