Booke rom i Drammensveien?

Av Astri Kamsvåg

5. juni 2019 13:49

Booke rom i Drammensveien?

Skal du booke rom i lokala våre i Oslo? Då er det Neil Dalaguit Nave du skal kontakte. Han har ansvar for organisering og drifting av lokala vi leiger av AFF i Drammensveien 44. Formelt er han tilsett i AFF, men er til disposisjon òg for oss.

Neil Nave Dalaguit holder til i Drammensveien i Oslo.
Neil Nave Dalaguit holder til i Drammensveien i Oslo.

Blant dei som nyttar Drammensveien 44 er Executive, masterstudiet i regnskap og revisjon, og alumniverksemda vår.

AFF har leigd lokala i Drammensveien 44 i Oslo sidan 2008, og sidan 2014 har dei framleigd undervisingslokale, møterom og kontorplassar til NHH. Framleigeavtala blei fornya i august 2018 og varer i tre år, med høve til opsjon på forlenging.

Kontaktinformasjon 

Kursvert/resepsjonist Neil Dalaguit Nave:
neil.dalaguit.nave@aff.no
473 89 299

Les meir og sjå bilete av NHH campus Oslo

Fleire interne nyheter