Forslag til språkpolitiske retningslinjer

Trine Dahl (utvalsleiar), Jarle Møen, Gernot Doppelhofer, Irene Velle Waraas (sekretær), Jorun Gunnerud, Astri Kamsvåg, Ingelin Uthaug og Aksel Mjøs. Foto: Hallvard Lyssand
Trine Dahl (utvalsleiar), Jarle Møen, Gernot Doppelhofer, Irene Velle Waraas (sekretær), Jorun Gunnerud, Astri Kamsvåg, Ingelin Uthaug og Aksel Mjøs. Foto: Hallvard Lyssand
Av Astri Kamsvåg

25. januar 2019 09:18

Forslag til språkpolitiske retningslinjer

Den interne arbeidsgruppa har no levert eit forslag til reviderte språkpolitiske retningslinjer og ein rapport til rektor Øystein Thøgersen. Som forventa er det forholdet mellom norsk og engelsk gruppa har brukt mest tid på.

Arbeidsgruppa

- Professor Trine Dahl, Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon (leiar)

- Seniorrådgivar, Jorun Gunnerud, Studieadministrativ avdeling

- Kommunikasjonsrådgivar Astri Kamsvåg, Kommunikasjons- og marknadsavdelinga

- Førsteamanuensis Aksel Mjøs, Institutt for finans

- Professor Jarle Møen, Institutt for foretaksøkonomi

- Professor Gernot Dobbelhofer, Institutt for samfunnsøkonomi

- Masterstudent utnemnt av NHHS, Ingelin Uthaug 

Forslag til nye språkpolitiske retningslinjer, desember 2018.pdf

Arbeidsgruppa er tydeleg på at nynorsk og klart mottakarorientert språk er viktig for NHH. 

- Hovudpunkta i NHHs gjeldande retningslinjer frå 2010 er vidareført, fortel professor Trine Dahl som har leia arbeidet.

- I tillegg har vi tatt inn eit par nye retningslinjer, mens andre er tekne ut eller tona ned. Vi har òg erstatta ein del 'bør'-formuleringar med det meir forpliktande 'skal', seier ho.

Medlemmane i arbeidsgruppa har vore samde om det meste, men ikkje alt. Difor har forslaget som dei no har levert frå seg, dissens på eit par av spørsmåla.

Last ned rapporten (pdf)

Rapport fra Arbeidsgruppe for å vurdere NHHs språkpolitikk_forside_300.jpg

Må tilsette kunne norsk?

Det eine spørsmålet medlemmane i gruppa har ulikt syn på, gjeld i kva grad tilsette i fast vitskapleg stilling skal kunne norsk. Skal NHH krevje at dei etter nokre år kan norsk godt nok til å for eksempel lese norske tekstar og delta på møte som går på norsk? Og vil eit krav til norskkompetanse kunne gjere det vanskeleg for NHH å rekruttere gode forskarar frå utlandet?

Fleirtalet i gruppa går inn for at fast tilsette skal kunne kommunisere både på norsk og engelsk med studentar, tilsette og eksterne på ein tilfredsstillande måte. Fleirtalet vil òg ha med at fast tilsette som ikkje kan norsk eller eit anna skandinavisk språk når dei blir tilsett, skal kunne norsk tilsvarande norsk språkprøve på nivå B1 etter tre år. B1 er definert som mellomnivå av Det felles europeiske rammeverket for språk.

Mindretalet vil ikkje at NHH skal ha eit slik krav til norskkompetanse.

- Vi fryktar at eit slikt krav kan verke avskrekkande på internasjonale kandidatar, seier Aksel Mjøs på vegne av mindretalet.

- Erfaringa vår er at dei fleste fast tilsette lærer seg norsk på eige initiativ etter kvart, seier Aksel.

Tilsette ved NHH bidrar aktivt i den norske samfunnsdebatten med forskingsbasert kunnskap gjennom formidling og som fagekspertar, i media og offentlege utval.

- Det er hovudsakleg det norske samfunnet vi har ansvar for å bidra i. Då treng NHH tilsette som kan norsk og som har ekspertkunnskap om norske tilhøve.

Trine Dahl, leiar av arbeidsgruppa

Norsk eller engelsk master?

Skal hovudspråket på masterstudiet i økonomi og administrasjon vere engelsk, eller skal  både norsk og engelsk vere viktige språk på dette studiet også i framtida?

Òg i dette sentrale spørsmålet er det delte oppfatningar blant medlemmane i arbeidsgruppa.

Fleirtalet meiner at begge språka skal vere viktige, medan mindretalet ønskjer å ha engelsk som hovudspråk. 

- Vi har hatt gode diskusjonar rundt desse temaa, seier Trine Dahl.

- No er vi spente på kva resten av organisasjonen synst om forslaget vårt. Og så blir det opp til styret å ta den endelege avgjerda. Det blir spennande å høyre kva retning styret ønskjer å gå i.

- Vi gir dei no høve til å reflektere grundig over kor offensiv dei ønskjer at språkpolitikken til NHH skal vere, utdjupar Trine.

Bachelorpensum på norsk

Arbeidsgruppa føreslår at pensumlitteraturen i dei obligatoriske kursa på bachelorstudiet skal vere på norsk, vel og merke dersom det finst gode norske lærebøker. For korleis skal NHH-studentane elles kunne lære seg dei norske fagtermane?

Mesteparten av pensum er allereie på norsk, men arbeidsgruppa oppmodar førelesarane om å vere medvitne i val av litteratur.

- For NHH er det viktig at dei norske studentane våre kan snakke om faget på sitt eige morsmål, og ikkje berre på engelsk, understrekar Trine Dahl.

- Difor må dei norske fagtermane på plass tidleg i studieløpet. På masterstudiet blir det meir engelsk, og på ph.d-studiet er det engelsk som gjeld.

- Forsking viser at vi lærer best på vårt eige morsmål. Difor trur vi at dei fleste norske studentane vil bli glade for denne retningslinja, seier ho.

- Samstundes utfordrar vi fagstaben til å finne – eller skrive sjølv – gode fagbøker på norsk, sjølv det ikkje er det som gir mest prestisje i forskingsverda, seier Trine.

Fagspråk for norsk arbeidsliv

NHH og dei andre universiteta og høgskulane i Noreg er pålagt ved lov å utvikle norsk fagspråk innanfor fagfelta sine. Dette har ikkje vore prioritert ved NHH. Dette ønskjer arbeidsgruppa no at NHH gjer noko med.

Dei aller fleste som er utdanna ved NHH, arbeider i Noreg.

- At vi ønskjer eit arbeidsliv som bruker norske fagtermar, er det ingen tvil om, forklarer Trine.

kommunikasjonskompetanse

Gruppa føreslår òg at studentane i alle studieprogramma skal ha tilbod om opplæring i kommunikasjonsprinsipp og akademisk skriving for å sikre utvikling av språk-, tekst- og sjangerkompetanse.

- Arbeidsgivarar treng tilsette som har god generell kommunikasjonskompetanse munnleg og skriftleg. For å gjere studentane våre endå meir attraktive på arbeidsmarknaden, ønskjer vi å styrke denne kompetansen ytterlegare, avsluttar Trine.

På høyring og til styret

Forslaget frå arbeidsgruppa skal no på høyring i organisasjonen. Styret ved NHH skal ta stilling til forslaget til nye språklege retningslinjer i løpet av våren.

Les meir om språkpolitikk på språkressurs-sidene på Paraplyen

Fleire interne nyheiter