NHHs eksistenserklæring

Av Astri Kamsvåg

15. februar 2019 16:11

NHHs eksistenserklæring

- Dette var veldig nyttig! Vi er utan tvil eit stort steg nærare å formulere NHHs eksistenserklæring, seier viserektor Linda Nøstbakken etter gårsdagens gruppearbeid der 35 dedikerte tilsette og studentar deltok.

Innhaldet i NHHs strategi-dokument er no i ferd med å sette seg. I fjor arbeidde vi med å definere NHH-kulturen saman med studentane. No i vår går me i gong med å spørje folk i Noreg, potensielle studentar og folk flest om kva oppfatning dei har av NHH: Kva omdømme har vi der ute?

Parallelt skal vi også formulere eit 'mission statement' eller ei 'eksistenserklæring' som oppsummerer idégrunnlaget vårt på ein konsis og fengande måte.

Erklæringa skal fange essensen av kva NHH er, lagd av dei som kjenner NHH aller best: vi som arbeider og studerer her.

Torsdag 14. februar deltok ei gruppe på 35 tilsette og studentar i eit gruppearbeid for å myldre fram idear og konkrete forslag til ei revidert eksistenserklæring for NHH.   

- Planen no er å korte ned den lange lista med forslag til eksistenserklæring og så å finne den eine erklæringa som best får fram kjernen i NHH. Og i denne prosessen skal vi involvere tilsette og stuentar, seier Linda Nøstbakken.

Førsteamanuensis Linda Herfindal Lien frå Universitet i Bergen og Diku gjorde ein veldig god jobb med å leie gruppa gjennom gruppearbeidet. 

Linda Nøstbakkens powerpointpresentasjon (pdf)

Flere interne nyheter