Kantine på Merino

Av Astri Kamsvåg

19. februar 2019 12:46

Kantine på Merino

Det er no avklart at Sammen skal drive frokost- og lunsjkantina i fyrste etasje på Merino. Opningstida i kantina som skal vere i drift frå slutten av april, ligg an til å bli klokka 8-15. På menyen blir det både kald og varm mat.

I Helleveien held kaffebaren i nybygget og personal- og studentkantina i Servicebygget fram som normalt.

Merino24_600.jpg
Bilde frå arkivet. Dåtidas studentar er blitt vaksne, og dei blomstra seteryggane er ikkje der lenger.

Les meir om flyttinga til Merino på samlesida

Flere interne nyheter