PPT- og word-malar

Slik åpner du Software Center
Av Astri Kamsvåg

10. desember 2019 10:44

(oppdatert: 10. desember 2019 10:45)

PPT- og word-malar

Skal du lage ein presentasjon i Powerpoint eller skrive ein rapport i Word og treng NHH-malane? Hos ein del av oss kjem NHH-malane opp når vi opnar powerpoint eller word, men hos andre har dei forsvunne. Her er oppskrift på korleis du kan få tilgong til dei oppdaterte malane.

Presentasjonen om NHH på norsk og engelsk (Powerpoint) er no oppdatert med eksistenserklæringa vår og tal frå 2018-årsrapporten. I tillegg inneheld presentasjonen av strategien vår no òg eksistenserklæringa. Wordmalane er dei same som tidlegare.

Ønskjer du malane rett inn på maskina di, utfører du òg denne prosedyra:

1. Finn Software Center på maskina di slik: Skriv inn 'Software Center' i søkefeltet ('Type here to search') heilt nederst til venstre på verktøylinja (ved siden av windowsikonet). Når appen dukkar opp oppe på treffa, trykker du på han.

2. Du får opp NHH-logoen som heiter NHH-Maler - 2019-12-09. Trykk på han.

3. I dette skjermbildet får du opp NHH-logoen og den blå knappen Install. Trykk på han, og vent nokre sekund til malane er installerte. Lukk vindauget.

4. Opne powerpoint. Sjekk at det ser slik ut: 

PPT NHH-maler.JPG

5. Opne word, og sjekk at det ser slik ut: 

Word-maler_kortere.jpg

Gratulerer - du har no lasta ned NHH-malane frå Software Center! Då er det berre å setje i gong med å bruke dei.

Merkevaren

Bruk desse malane så gjer du det lettare for deg selv samtidig som du bidrar til at NHH framstår som éin organisasjon med ein felles identitet. God design er viktig for NHH. Eit heilskapleg visuelt uttrykk av høg kvalitet styrker merkevaren NHH. 

Les meir om merkevare og profilering ved NHH

Flere interne nyheiter