Open publisering hjå Elsevier og Springer

Av Kari Fjose

3. desember 2019 08:54

Open publisering hjå Elsevier og Springer

Forskarane på NHH kan publisere forskinga si opent hjå Elsevier og Springer. NHH er deltakar i dei nasjonale avtalane som er inngått med desse forlaga. Det betyr at publiseringskostnadane vert dekka gjennom avtalen med utgjevarane.

Elsevier og Springer logoer

Avtalen betyr at fyrsteforfattar / korresponderande forfattar som er knytt til NHH, kan publisere opent i forlaga sine reine OA-tidsskrift og i abonnementstidsskrifta (hybrid). 

For Elsevier gjeld avtalen frå 2019, for Springer er avtalen gjeldande frå 2020. Forfattar får tilbod om å publisere artikkelen under CC BY eller CC BY_NC_ND lisens. Publiseringskostnadane (APC) er dekka av  NHH gjennom avtalane.

Det er UNIT som har forhandla avtalane på vegne av alle alle UH-institusjonane i Norge.

Nærare informasjon om avtalane og korleis du publiserer OA finn du på openaccess.no

Det er også framforhandla avtalar med Taylor & Francis og Wiley. NHH er ikkje deltakar i desse.

Spørsmål om publisering

Lurer du på noko? Send epost til bib@nhh.no eller fredrik.kavli@nhh.no

Tilgangen til Elsevier beholdes

Norge har nå inngått en to-årlig avtale med Elsvier som garanterer fortsatt tilgang til tidsskriftene. Det betyr at forskere og studenter på NHH ikke mister tilgangen til Science Direct. - Dette er en gledens dag for åpen tilgang, sier Kenneth Fjell.

Fleire interne nyheiter