Ministrar til NHH

14. september 2018 14:31

Ministrar til NHH

Statsminister Erna Solberg, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker NHH tysdag 18. september.

Solberg og Nybø vil møte studentar og tilsette i NHH-aulaen klokka 12, der dei blant anna vil få ei orientering om den planlagte rehabiliteringa av NHHs signalbygg.

Torbjørn Røe Isaksen møter NHH-forskarar og ei rekkje næringslivstopper til opa høyring om kapitaltilgangen for bedrifter.