Klart for Forskingsdagane

Forskningstorg på Festplassen
22. september frå kl. 11.30 til 16.00 inviterer Forskningsdagene i Bergen til Forskningsfest på Festplassen.

19. september 2018 16:00

Klart for Forskingsdagane

Til helga går startskotet for Forskingsdagane i Bergen. Her er oversikten over alle arrangement der NHH-forskarar bidreg.

Fredag 21. september er det skuledagen på Festplassen. Dette er eit tilbod til 6. og 7. trinn, der forskings- og utdanningsmiljøet i byen går saman for å skape ein gratis opplevelsesdag på Festplassen. NHH er på plass med ein «forskingsstasjon» som FAIR har ansvar for i år. Tema for stasjonen er «Hva synes du er rettferdig?». På NHHs forskningsstasjon skal elevane få testa rettferdsansen sin, og dei kan finne ut kva type rettferd dei set høgst.

Dagen etter, laurdag 22. september, blir det invitert til forskningstorg på Festplassen. NHH er til stades med den same forskingsstasjonen som dagen før, men denne dagen er arrangementet opent for alle interesserte frå klokka 11.30 til 16.00.

Foredrag og Forskar Grand Prix

Onsdag 26. september er det klart for Forskar Grand Prix. Konkurransen går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentere forskinga si. Dei tre beste går til ei finalerunde der dei får ytterlegare fire minutt. Dei to beste i denne siste runda går vidare til den nasjonale finalen i Tromsø 29. september. Stipendiat Ole-Andreas Elvik Næss representerer NHH.

Les om forskinga hanS:

SMS fekk fleire til å stemme

Før stortingsvalet i fjor sende Bergen kommune ut SMS til 200.000 personar med oppmoding om å bruke stemmeretten. Det auka valdeltakinga, konkluderer stipendiat Ole-Andreas Elvik Næss.

Torsdag 27. september er det Forskingsdagane UNG. Dette er eit arrangement for elevar i vidaregåande skular i Bergen. Frå NHH held førsteamanuensis Lars Jacob Tynes Pedersen ved Institutt for føretaksøkonomi foredrag om korleis plastproblemet kan løysast, og professor Trine Dahl frå Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon skal snakke om kva klimaendringar har med språk å gjere.

Fredag 28. september deltek Klara Sjo ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon på Forsk & fest på Naturhistorisk musuem. Arrangementet varer frå klokka 20.00 til 24.00. Her skal mellom anna språkfolk presentere sine favorittord og uttrykk.

Debatt om influencarar

Same dag er det debatt på Litteraturhuset i Bergen med temaet «Influencere har tatt over!». I panelet stiller mellom anna Mathias Ekstrøm frå FAIR og professor og leiar for Senter for tenesteinnovasjon (CSI), Tor W. Andreassen.

Kvifor blir influencarar så populære? Tek dei ansvar for bodskapen dei sender ut til tusenvis av unge følgjarar? Kva nerve treff dei hjå oss? Panelet vil diskutere med kvarandre og publikum den nye, viktige profesjonen: Influencer.

Tid: Torsdag 27. september klokka 19.00

Stad: Bergen offentlige bibliotek

 Alle arrangement under Forskingsdagane i Bergen er gratis.