Inviterer alle tilsette til arbeidsmiljøundersøking

Av Hallvard Lyssand

4. oktober 2018 10:48

Inviterer alle tilsette til arbeidsmiljøundersøking

Denne hausten skal NHH gjennomføra ei arbeidsmiljøundersøking. Alle tilsette vert oppmoda om å delta.

– Om NHH skal nå sine ambisiøse strategiske mål, er det avgjerande å ta vare på institusjonens viktigaste ressurs – dei tilsette. Det inneber m.a. å sikra eit best mogeleg arbeidsmiljø der alle kan trivast og prestera sitt beste, seier rektor Øystein Thøgersen.

Som eit ledd i dette arbeidet innfører høgskulen denne hausten ei arbeidsmiljøundersøking.

– Undersøkinga skal bidra til å gje eit bilete av arbeidsmiljøet ved NHH og danna grunnlag for tiltak der ein finn det naudsynt, forklarer Thøgersen.

– Ho er ikkje eit eingongstiltak, men skal repeterast med faste intervall som eit av verktøya for å fremja godt arbeidsmiljø, legg han til.

Utvikla ved NTNU

Undersøkinga vil bli gjennomført gjennom det NTNU-forvalta opplegget Arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelser (ARK).

ARK er utvikla i samarbeid mellom universiteta i Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø med mål om å kartleggja psykososiale tilhøve i arbeidsmiljøa i UH-sektoren.

I tillegg til å fungera som eit prosessverktøy for styrking og utvikling av arbeidsmiljøa ved ulike institusjonar, vert resultata lagra i ein database som skal brukast til forsking.

Gjennomføring ved NHH

I perioden frå 15. oktober til 5. november vi alle NHH-tilsette ha tilgang til eit nettbasert spørjeskjema med arbeidsmiljørelaterte spørsmål.

Hovudtema for undersøkinga ved NHH er mellommenneskelege tilhøve og samspelet med leiinga ved eininga der ein arbeider, korleis jobbkrav og ressursar virkar inn på helsa, og den einskilde sitt tilhøve til jobben.

Svara vert handsama anonymt av dei ansvarlege ved NTNU, og resultata vert presentert på gruppenivå for dei einskilde organisatoriske einingane ved NHH.

Målet er å presentera resultat og utviklingsområde tidleg i 2019, og å setja i verk eventuelle tiltak utover våren.

Fysiske arbeidstilhøve, inneklima og liknande er ikkje ein del av undersøkinga, då desse skal kartleggjast gjennom eigen prosessar, t.d. vernerundar.

Det vert heller ikkje stilt direkte spørsmål om mobbing og trakassering, sidan slik åtferd skal meldast via andre kanalar. ARK primært er eit verktøy som skal bidra til lokale prosessar for førebygging av uønskt åtferd, og sidan undersøkinga er anonym, eigner ikkje datagrunnlaget seg til å handsama heilt konkrete saker.

Det er HR-avdelinga som har hovudansvaret for gjennomføringa, men både rektoratet, leiarar, verneombod og tillitsvalde er involverte i prosessen.

– Vi håper alle tilsette vil svara på undersøkinga. Jo fleire svar vi får, jo betre bilete får vi av arbeidsmiljøet – noko som igjen er avgjerande for at vi kan setja inn dei riktige tiltaka, avsluttar Øystein Thøgersen.

Les meir om ARK hos NTNU

Fleire nyheiter frå Paraplyen