Hugs arbeidsmiljøundersøkinga

Av Astri Inga Kamsvåg

23. oktober 2018 13:02

Hugs arbeidsmiljøundersøkinga

Hugs å delta på arbeids- og miljøundersøkinga (ARK) som vi er i gong med på NHH i desse dagar. Du kan delta til og med måndag 5. november. Til no har 136 tilsette - 39,9 prosent - delteke i undersøkinga.

Brei deltaking frå alle grupper av tilsette er kritisk for å få mest mogleg ut av undersøkinga.

– Om NHH skal nå sine ambisiøse strategiske mål, er det avgjerande å ta vare på institusjonens viktigaste ressurs – dei tilsette. Det inneber m.a. å sikra eit best mogeleg arbeidsmiljø der alle kan trivast og prestera sitt beste, seier rektor Øystein.

Som eit ledd i dette arbeidet gjennomfører vi no denne arbeidsmiljøundersøkinga.

NHH ønsker at flest mogleg tilsette nyttar høvet til å fortelje korleis du opplever arbeidsmiljøet i eininga der du arbeider. Målet er å få kunnskap om arbeidsmiljøet slik at vi kan sette inn tiltak der det er naudsynt for å sikre at NHH er en utmerket arbeidsplass.

Å svare på undersøkinga tek mellom 10 og 30 minutt.

Epost frå NTNU

Du fekk tilsendt ein epost frå ark-kontakt@ntnu.no 16. oktober.

Les tidlegare sak om ARK på Paraplyen: Inviterer alle tilsette til arbeidsmiljøundersøking

Fleire interne nyheiter