Førebur flyttinga til Merino

Merinobygget sett frå NHH. Arkivfoto: Hallvard Lyssand
NHH leigde lokale i Merinobygget i ei årrekkje, men flytta ut i 2013. I mars 2019 skal mange tilsette og studentar flytta inn att i Merino for ein periode. Arkivfoto: Hallvard Lyssand
Av Hallvard Lyssand

30. oktober 2018 08:48

Førebur flyttinga til Merino

I løpet av mars 2019 skal mange tilsette og studentar flytta inn i mellombels lokale i Merino-bygget. Arbeidet med å detaljplanleggja flyttinga og gjera Merino klart til bruk er i gang.

Rehabiliteringa av høgblokka og resten av 1963-bygga ved NHH utløyser ein stor flyttesjau som omfattar alle som held til i 1963-bygga, men også ein del av dei som held til i Servicebygget.

Samstundes oppstår det naturleg nok ein like omfattande kabal for å få plassert alle på nytt på ein best og mest mogeleg effektiv måte.

Flytting i mars

Dei aller fleste som skal på flyttefot blir plassert i Merinobygget. Sjølve flyttinga skal etter planen skje i mars 2019.

Styringsgruppa for prosjektet under leiing av prorektor Gunnar E. Christensen, har utarbeidd eit forslag til plassering i Merino som sikrar at dei involverte institutta og avdelingane sit mest mogleg samla fordelt på byggets fem etasjar.

Forslaget har vore diskutert i brukargruppa for rehabiliteringa, som består av representantar frå alle involverte einingar. Rektoratet tek den endelege avgjerda.

Detaljplanlegging av både utflytting, innflytting og heilt konkret plassfordeling i Merino vil skje i samarbeid med institutt og avdelingar.

Blir klargjort

Merinobygget har stått tomt sidan NHH flytta ut i 2013, men det har vore varme på for å hindra forfall.

Det må likevel gjerast ein del førebuingar før lokala er innflyttingsklare. Utleigaren Rexir AS skal mellom anna klargjera ventilasjonsanlegget og oppvarminga, og vaska ut bygget før innflytting.

– Det er ingen grunn til å venta dårleg inneklima på Merino, men viss det oppstår utfordringar vil vi sjølvsagt ta tak i det, seier Gunnar E. Christensen.

NHH tek sjølv ansvaret for nettverket og tilgangsstyring til bygget.

Tek vare på studentane

Også studentane og studentforeininga må vera budde på endringar medan rehabiliteringa pågår.

I samarbeid mellom NHH, Statsbygg og NHHS er det sikra at aulaen og kjellaren i all hovudsak kan vera i drift i anleggsperioden. Styringsgruppa arbeider saman med NHHS for å sikra at drifta kan skje mest mogeleg effektivt gjennom byggeperioden.

Men sidan både auditorium, ein lesesal og ei rekkje av NHHS-kontora må tømast og stengjast, må mange studentar også vera budde på ei tid i erstatningslokale i Merino. Vonleg er det til trøyst at erstatningsareala er romslege.

Parkeringsplass

Som del av leigeavtalen får NHH tilgang til parkeringsplassen ved Merino.

Her er det om lag 80 plassar, noko som langt på veg erstattar plassane NHH mister grunna behov knytt til rehabiliteringsarbeidet.

Leigeavtalen for Merino gjeld frå 1. januar 2019 og ut 2020.

Les tidlegare sak på Paraplyen om rehabiliteringsprosjektet (september 2018): Innkvartering i Merino

Gå til samlesidene for rehabiliteringsprosjektet

Fleire interne nyheiter